SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 214 skann 216

214 som sosial eining. Familiestruktur og funksjonar. Roller, oppgåver, ansvar. Jamstelling. Ekteskap og samliv. Vårt lokalsamfunn - andre lokalsamfunn: Lokalsamfunnet vårt før og no. Lokalhistorie. Historiske kjelder. Lokalgeografi. Lokalsamfunnet som del av regionen, nasjonen og verdssamfunnet - sambandslinjer og avhengig stilling. Naturgrunnlag og stadutforming. Lokalsamfunn og kulturar i ulike land og regionar. NATUR, MENNESKE OG RESSURSAR Hovudemnet skal gje elevane kunnskapar om korleis jorda vart til og utvikla seg, og om grunnlaget for menneskeleg liv og aktivitet. Det er viktig at elevane ser samanhengar mellom prosessar i naturen og naturgrunnlag på den eine sida, og livsvilkår og livsforhold på den andre sida. Det kan ein utdjupe gjennom døme frå meir avgrensa område både frå vårt eige land og frå andre land og regionar. Eit sentralt spørsmål er korleis balansen i naturen kan endrast gjennom menneskeleg aktivitet og få økologiske konsekvensar. Elevane må få innsikt i ulike former for ressursar og ressursutnytting. Vekselverknaden mellom ressursutnytting og levevis bør studerast innanfor same miljøtype og i ulike geografiske miljø. Ein bør og behandle samanhengen mellom ressursutnytting og endringar i folketal, og i samband med det drøfte utvikling og framtidsutsikter. Det er og viktig å få fram korleis utvikling i teknologi og endringar i ressursutnyttinga kan føre til endringar i ulike samfunn. Emnet må vere med på å gjere elevane medvitne om kor grunnleggjande viktige ressursane er for miljø og livsform, og vekkje elevane til ansvar og engasjement for ei fornuftig forvaltning og rettferdig fordeling av ressursane. Det er viktig å få fram verdien av naturopplevingar. Arbeidet må skape forståing for aktivt naturog miljøvern. Jorda og universet: Universet, korleis jorda vart til, korleis ho er bygd og korleis ho utvikla seg. Utforsking av verdsrommet - sjansar og konsekvensar. Utvikling av landskap og naturmiljø: Prosessar og krinsløp i naturen. Ver, klima og vegetasjonsområde. Naturgrunnlag, livsvilkår og levekår. Frå naturlandskap til kulturlandskap. Ressursar og ressursutnytting: Natur- og kulturressursar. Ressursutnytting og levevis. Sjølvberging, ernæring og matvareproduksjon. Folkeauke, folkereduksjon og ressursutnytting. Mennesket som økologisk faktor. Ressursutnytting og samfunnsutvikling: Teknologi, ressursutnytting og samfunnsutvikling. Levestandard og livsverdiar. Natur- og miljøvern. Økologiske endringar, forvaltaransvar og framtidsutsikter. DET NORSKE SAMFUNNET I ENDRING Formålet med emnet er å gje oversikt over utviklinga i samfunnet vårt frå dei eldste tidene til i dag. Hovudvekta må leggjast på utviklinga etter 1750. For at elevane skal få allsidig innsikt i forholda i samfunnet, og for å få fram dei store endringane som har foregått, bør ein studere utviklinga som ein brei, samansett prosess. Ein kan sjå økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle forhold i samanheng i avgrensa tidsrom, men og gje tematisk avgrensa lengdesnitt. Hovudvekta skal ein leggje på den nasjonale historia vår. Ein bør vise korleis ho har kome til uttrykk lokalt og kan knytast til forhold i lokalsamfunnet. Dessutan
Skann 216 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 214». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/216/