SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 215 skann 217

215 bør ein vise korleis utviklinga i vårt eige land heng saman med utviklinga i dei nordiske grannelanda våre, og i den vesteuropeiske kulturkrinsen. Utviklinga i andre delar av verda kan dragast inn der det er naturleg. Ei breiare oversikt over verdshistiroa må ein gje gjennom hovudemna Europa og verda utanfor Europa. Arbeidet med emnet må hjelpe elevane til å forstå det nasjonale særpreget vårt og vere med på å utvikle nasjonal identitet. Denne forståinga må setjast i samanheng med ei lokal og regional forankring, og eit ønske om internasjonal forståing. Livssituasjonen for barn, kvinner og menn bør vere eit fast tema. Arbeidet med emnet skal gje alle elevar kunnskapar om det samiske folket, og vere med på å skape realistisk forståing av og respekt for samisk kultur. Arbeidet skal vidareføre hovudemnet om samefolket i orienteringsfag på barnesteget. Elevane bør få røynsle i å bruke historiske kjelder. Utviklingslinjer frå dei eldste tider til 1800: Steinalder. Jernalder. Noreg vert kristna. Stordomstid. Reformasjonstid. Einevelde. Økonomisk og sosial utvikling - det nye samfunnet tek form: Frå naturhushald til pengehushald. Ulikskapar og endringar i bygde- og bysamfunn. Befolkningsutvikling, folkeflyttingar og utvandring. Veksande industrialisering. Teknologisk utvikling. Arbeidarrørsla. Politisk utvikling -frå dansk provins til sjølvstendig kongedømme: Førespelet til 1814, 1814 og Grunnlova. Unionstid. Parlamentarisme. Unionsoppløysing. Haugerørsla. Thranerørsla. Samefolket: Situasjonen for samane i det norske samfunnet. Naturgrunnlag og busetjing. Næringsliv og yrke. Sentrale kulturelement. Tru og livssyn. Samisk og norsk samfunnsliv - likskap og ulikskap. Etnisitet, kulturfellesskap. Noreg i krig og krisetider: Noreg under fyrste verdskrig. Mellomkrigstid. Nye samfunnsgrupper vil ta del. Krig, okkupasjon og frigjering. Det moderne Noreg: Utviklinga etter 1945. Framveksten av velferdsstaten. Helsestell og sosial omsorg. Utdanningssamfunnet. Parti og regjeringar. Verda og Noreg: Noregs plass i Norden, Europa, verda - samarbeid og problem gjennom tidene. Nasjonal kultur og særpreg og påverknad utanfrå. Livssituasjonen for barn, kvinner og menn: Endringar gjennom tidene. Jamstelling. Kvinnehistorie. NATURGRUNNLAG, NÆRINGS- OG ARBEIDSLIV OG ØKONOMI Arbeidet med dette hovudemnet skal gjere sitt til at elevane utviklar innsikt i korleis nærings- og arbeidslivet vårt er utvikla og fungerer. Hovudvekta må leggjast på det norske samfunnet. Elevane må få kunnskapar om samanhengar mellom naturgrunnlag, busetjing og næringsliv. Ein bør få fram korleis endringar i næringsstruktur og busetjing heng saman med teknologisk og økonomisk utvikling, og har ført til gjennomgripande endringar for einskildmenneske og for samfunnet. Datateknologien må ein dra fram særskilt, med vekt på bruksområde og konsekvensar. Elevane må få kunnskapar om ulike sider ved arbeidslivet og om arbeidslivsorganisasjonane. Ein må drøfte framtidig utvikling når det gjeld arbeid, fritid og utdanning. Utdanning, yrke og yrkesval bør ein ta opp i tilknyting til praktisk arbeidslivskunnskap. Gjennom arbeidet må elevane få kunnskapar om både privatøkonomiske og samfunnsøkonomiske spørsmål og om handel og økonomi.
Skann 217 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 215». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/217/