SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 208 skann 210

208 Vern mot farar og ulukker: Korleis brann kan oppstå. Merking og handsaming av farlege stoff. Teknikk og samfunn: Kva teknikken har å seie for samfunnet. Teknikk i historia og i andre samfunn. Gjennombrot for elektrisiteten. Ny teknologi, etiske spørsmål. KOMMUNIKASJON, DRAMA, BILETE OG MEDIUM Arbeid med ulike medium skal vere ein naturleg del av gjeremåla i skolen. Elevane må få kjennskap til ulike måtar å kommunisere på, og øve seg opp til å sjå samanheng mellom innhald og form. I tillegg til tale og skrift skal dei lære å uttrykkje seg gjennom drama og bilete for å formidle informasjon, tankar og kjensler. Gjennom drama kan elevane utforske situasjonar, analysere innhald og gje uttrykk for røynsler. I arbeid med biletanalyse og biletkommunikasjon skal ein bruke elevarbeid, biletkunst og andre typar bilete vi stadig møter. Arbeidet med medium må vere knytt til elevane sin eigenproduksjon, der dei får prøve ut teoriar og idear gjennom eksperiment og skapande verksemd. Elevane skal verte kjende med den funksjonen massemedia har. Media informerer, spreier kunnskap og formidlar meiningar, haldningar og bodskapar. Ein bør leggje særleg vekt på analyse av uttrykksform og innhald, og utvikle ei sjølvstendig og kritisk haldning, slik at elevane lettare kan forstå den påverknadskrafta media har. Elevane skal ikkje berre lære å vere kritiske forbrukarar, men og få opplæring i aktiv bruk av massemedium. Dei må få innføring i bruken av datateknologi i samfunnet. 1.-3. klasse Drama: Utforske og eksperimentere med dramatiske uttrykksformer, improvisasjon, rollespel, mime. Biletteater, dokketeater, enkel dramatisering. Biletanalyse, biletkommunikasjon: Kva fortel bileta? Motiv, innhald og utforming. Ulike typar bilete for ulike formål. Massemedium: Innhald og form i medium som barn er særleg opptekne av. Teikneseriar, vekeblad, radio, fjernsyn og film. Lage enkle teikneseriar. 4.-6. klasse Måtar vi kommuniserer på: Einvegs- og tovegskommunikasjon. Sendar, medium, bodskap, mottakar. Utgangspunkt i situasjonar i klasserommet, men og døme frå massemedium. Drama: Gje opplevingar dramatisk uttrykksform. Dramaturgiske prinsipp. Analysere drama. Dokketeater, mime, dramatisering. Improvisasjon, rollespel. Biletanalyse, biletkommunikasjon: Kva fortel bileta? Open og løynd bodskap. Verkemiddel, form og farge. Biletet i høve til det som er verkeleg. Massemedium: Innhald og form i ulike medium. Dagspresse og vekepresse. Påverknad, reklame. Lage eigne aviser, enkle radioprogram og filmar. Informasjons- og datateknologi: Innsamling og behandling av data og informasjon. Litt om bruk av datateknologi i samfunnet.
Skann 210 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 1

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 208». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/210/