SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 209 skann 211

KAPITTEL 27 209 SAMFUNNSFAG 7.-9. KLASSE Eit demokratisk samfunn er avhengig av aktive og ansvarlege samfunnsmedlemmer. Aktiv samfunnsdeltaking krev allsidige kunnskapar om samfunnsforhold og samfunnsprosessar, og evne til å ta del i avgjerdsprosessar. Innsikt i samspelet mellom natur og kultur og i samanhengen mellom fortid og notid er avgjerande for at dei unge skal forstå korleis samfunnet utviklar seg. Fordi samfunnet endrar seg så raskt og stadig vert meir komplisert, må dei unge og verte førebudde på det framtidssamfunnet dei går i møte. Landa i verda vert stadig meir avhengige av kvarandre, og derfor er det viktig at dei unge lærer seg å forstå andre samfunn og kulturar, og ser behovet for internasjonalt samarbeid. Kunnskap om geografi og den historiske utviklinga til landa er ein føresetnad for denne forståinga. Gjennom innsikt i ulike faktorar som formar menneskelege livsvilkår både i nærsamfunnet og i storsamfunnet, får elevane eit grunnlag for å forstå og for å påverke livssituasjonen sjølv og i samarbeid med andre. Det er svært viktig for at dei skal utvikle seg til sjølvstendige samfunnsmenneske. Undervisninga i samfunnsfag skal ta sikte på å utvikle elevane si ansvarskjensle for seg sjølv, medmenneska sine og omgjevnadene sine, og stimulere dei til aktivt samfunnsengasjement å gjere elevane kjende med kva eit samfunn er, korleis det vert utvikla og verkar, og korleis kvardagen og livsvilkåra våre vert forma å gje grunnleggjande kunnskapar om geografien og dei historiske utviklingsdraga til verdssamfunnet, slik at elevane betre kan forstå vår eiga tid og sjå samanhengen i den utviklinga som har skjett - å hjelpe elevane til å skaffe seg innsikt i samspelet mellom mennesket og naturen, og forståing for forvaltaransvaret Mål
Skann 211 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 209». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/211/