SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 18 skann 20

KAPITTEL 2 SKOLEN I SAMFUNNET Samspelet skole - samfunn Utviklinga i samfunnet er i høg grad avhengig av den oppsedinga og opplæringa som barn og unge får. Skolen er det mest omfattande tiltaket samfunnet har sett i verk for å støtte heimen i oppsedinga av ein ny generasjon, og for å førebu den oppveksande slekta til oppgåver i samfunnet. Gjennom lov og læreplan dreg samfunnet opp mål og retningslinjer for arbeidet i skolen. Læreplanen er såleis eitt av styringsinstrumenta samfunnet har for skolen, og han viser kva samfunnet vil at skolen skal ha som oppgåve. Samtidig som skolen er ein del av samfunnet og på mange måtar vert påverka av det, kan skolen og verke inn på samfunnet, og til ein viss grad vere med og påverke samfunnsutviklinga. Det skjer fyrst og fremst ved at skolen er ein viktig kulturformidlar, og er med på å forme og danne dei menneska som veks inn i samfunnet. Arbeidet i skolen må både ta omsyn til den einskilde eleven og leggjast opp ut frå omsynet til samfunnsutviklinga, slik at elevane vert budde på å møte nye forhold og krav. Samfunnsengasjement og samfunnsorientering Skolen skal fremje eit demokratisk samfunnssyn, og stimulere elevane til aktivt samfunnsengasjement. Derfor må skolen freiste å vekkje interesse og ansvarskjensle hjå elevane for det som skjer i samfunnet. For at elevane skal engasjere seg i samfunnsspørsmål, må dei få kunnskapar om samfunnet og innsikt i aktuelle samfunnsprosessar. Skolen må gje allsidig samfunnsorientering, og hjelpe elevane til å få innsikt i ulike faktorar som er med på å avgjere utviklinga i nærsamfunnet og i storsamfunnet. Det kan gje elevane grunnlag for å forstå og freiste påverke livssituasjonen sin, åleine og i samarbeid med andre. Orienteringa bør ta utgangspunkt i heim og familie, og etter kvart utvidast til å omfatte større og fjernare grupper. Elevane skal ikkje berre lære om sin eigen heimstad og sitt eige land, men om heile verdssamfunnet dei er ein del av. Ved å skape innsikt i livet og
Skann 20 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 18». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/20/