SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 206 skann 208

206 gjennom tidene, så elevane kan verte betre i stand til å ta ansvar for bruken i framtida. Elevane skal få oversyn over ressursar, nærings- og arbeidsliv i lokalsamfunnet, og døme på omforming frå naturressurs til praktisk bruk, til dømes elektrisitet, olje- og gassproduksjon. Elevane må og få enkle døme på konkrete produksjonsmåtar i ulike næringar, og oversyn over hovudtrekk i nærings- og arbeidslivet i Noreg. Dei bør få innsyn i kva næringslivet har å seie for lokalsamfunna og for landet, og korleis det spelar saman med og avheng av næringsliv i andre land. 1.-3. klasse Ressursar i kvardagen til barnet: Sola, mat, bensin, batteri osv. Enkle straumkrin sar for å syne omforminga av energi og gje ei fyrste innføring i elektrisitet. Ressursar i nærmiljøet: Fiskefelt, jord, skog, vatn osv. Næringsliv og arbeidsplassar i lokalsamfunnet: Ulike typar arbeidsplassar. Ureining: Tilgrising av nærmiljøet. Bråk, støy. 4.-6. klasse Ressursar: Energi. Elektrisitet, produksjon, overføring og bruk. Utnytting av energien. Fornybare og ikkje-fornybare ressursar. Næringsliv og arbeidsliv i lokalsamfunnet: Oversyn over arbeidsplassar. Aktuelle døme frå ulike næringar. Vitje arbeidsplassar. Arbeidsmiljø. Pendling. Næringsliv og arbeidsliv i Noreg: Oversyn over viktige næringsvegar. Konkret døme frå oljeindustrien: korleis olje har vorte til, og korleis utvinninga går føre seg. Konsekvensar av rask utvikling innanfor ei næring. Bruk av ressursar i historisk perspektiv: Fangstkultur - naturlandskap. Jordbrukskultur -jordbrukslandskap. Samfunn prega av industri og høgteknologi, industriog bylandskap. I-land og u-land: Bruk av ressursar, nærings- og arbeidsliv. Produksjon og forbruk i rike og fattige land. Følgjer for naturmiljø og velferd. Arbeidsdeling mellom kjønna etter ressursgrunnlag. Konkrete døme. Samanlikning. Ureining: Ureining frå ulike typar industri, landbruk, bustader, bilar. Mottiltak. VERDA RUNDT OSS Emnet skal gje elevane kunnskap om fysiske naturtilhøve, og det dei har å seie for livet på jorda. Ein skal leggje vekt på elevane sin eigen aktivitet. Dei skal studere konkrete situasjonar i nærmiljøet og gjennom dette få interesse for naturtilhøva. Faglege generaliseringar (formlar og lover) skal fyrst kome inn mot slutten av barnesteget. Elevane får ei viss røynsle med kjende fenomen som lys, lyd, støy 0.1. Ut frå eigne observasjonar skal dei lære om ver og klima og gjennom det få kjennskap til temperatur, luft, vatn, fordamping 0.1. Dei skal lære om jordoverflata og korleis ho stadig endrar seg, om ulike naturtilhøve folk på jorda lever under og tilpassar seg, og om samanhengen mellom fysiske faktorar, vegetasjon og dyreliv. Elevane må få eit oversyn over det fysiske verdsbiletet, årsakene til dag og natt og årstidsvariasjonane. 1.-3. klasse Fysiske fenomen i nærmiljøet: Verte var lydane. Leik med magnetar. Regnbogen, nordlys 0.1.
Skann 208 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 2

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 206». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/208/