SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 205 skann 207

205 faktakunnskap. Utvikle ansvarlege haldningar til alkohol, narkotika og tobakk. Samlivslære: Puberteten fysisk og psykisk utvikling. Heterofili, homofili. Forelsking. Seksuallivet funksjon og konsekvens. Ein fyrste omtale av prevensjon. Fosterutvikling, fødsel. Livssyklusen. LIVSFORMER OG LIVSGRUNNLAG I NATUREN Dette emnet skal stimulere den naturlege interessa barn har for å lære om plantar og dyr, og om korleis plantar og dyr er tilpassa miljøet dei lever i. Det skal fremje respekten for liv. Arbeidet med emnet skal gje elevane kjennskap til økologiske samanhengar i naturen. Elevane skal få innsikt i at eit naturområde er samansett av levande komponentar: plantar, dyr og mikroorganismar og ikkje-levande komponentar som vatn, luft, jordsmon og solstråling. Elevane skal få forståing for at dei ulike komponentane er avhengige av kvarandre, og at vi ut frå jordsmon, topografi og klima kan seie noko om kva slags plantar og dyreartar det er rimeleg å finne på staden. Elevane skal og få innsikt i at eit natursystem som er samansett av mange komponentar, er meir stabilt enn eitt som har få. Emnet skal gje den fyrste innsikta i grunnleggjande omgrep i biologi. Der det høver, bør det leggjast inn praktisk arbeid med dyr og plantar, til dømes i skolehage. 1.-3. klasse Naturen i nærområdet: Stimulere vitelyst og spørjelyst med utgangspunkt i naturen. Verte kjend med nokre dyr og plantar i nærområdet. Stell av dyr. Kjæledyr. Plantestell. Skolehage. Følgje livsløpet til ein plante. Plantar og dyr i hushaldet. Matlaging med råstoff frå hagen. Forteljingar og songar om plantar og dyr. Naturstig. Kva plantar og dyr treng for å leve: Spiringsforsøk. Fuglebrett. Akvarium. 4.-6. klasse Kva plantar og dyr treng for å leve: Grunnlaget for liv - luft, vatn, jordsmon og tilgang på energi. Kva som skjer dersom ein eller fleire av desse komponentane vert øydelagde. Plantar og dyr i ulike naturtypar: Observere og skrive om ulike miljø som innemiljø, skog, myr, ferskvatn, dyrka mark, strand, sjø og fjell. Særdrag ved dei ulike veksestadene. Dyreåtferd. Korleis plantar og dyr er tilpassa dei ulike miljøa. Årstidsveksling. Praktisk plantestell inne og ute, til dømes i skolehage. Mangfaldet i naturen: Næringskjeder. Samanhengen mellom næringskjeder (næringsnett). Næringspyramidar. Skadelege stoff i næringskjedene. Matproduksjon. Sårbare kulturar. Nedbryting: Krinsløp i naturen. Nedbryting av ulike stoff, resirkulering og attvinning. RESSURSAR OG NÆRINGSLIV Emnet skal gje oversyn over naturressursar og vise samanhengar mellom bruken av ressursane og næringslivet. Gjennom tidene har menneska utnytta ressursar på ulike måtar for å kunne leve. Råstoff frå naturen har vorte omforma ved hjelp av menneskeleg arbeid og ved bruk av annan energi. Med reiskap og teknikkar vi nyttar i dag, tek vi ut og forbruker mykje meir av naturressursane enn tidlegare. Det er derfor viktig å ta opp kva ressursar er, og korleis dei har vore nytta
Skann 207 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 205». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/207/