SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 204 skann 206

204 Utvalde land utanom Europa: Eit utval av land frå ulike verdsdelar med ulike økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle tilhøve. (Aust-vest, rike og fattige land.) Religionar og livssyn: Dei store verdsreligionane. Sekulære livvsyn. Kva religion og livssyn har å seie for menneske, kultur og samfunn. Respekt for menneske med ulik bakgrunn. Vi samarbeider med andre: Noreg og Europa. Norsk u-hjelp. Noreg og FN. KROPP OG HELSE Gjennom arbeidet med dette emnet må elevane få innsikt i at det er samanheng mellom fysisk, mental og sosial helse. Dei må og få forståing for at val av livsstil er avgjerande for helse i vid tyding, og at ytre tilhøve som bumiljø og trafikkmiljø kan påverke helsetilstanden. Elevane må få kunnskap om kroppen - bygnad, funksjon og utvikling. Dei må få kjennskap til typiske helseproblem i vår tid, korleis dei kan førebyggjast, og korleis grunnlaget for god helseutvikling vert lagt i barndommen. Dei skal lære at kvar einskild kan ta vare på helsa gjennom fornuftig kosthald, ansvarleg haldning til rusmiddel og varierte aktivitetar fysisk, sosialt og kulturelt. Undervisninga om alkohol, narkotika og tobakk (ANT) skal vere førebyggjande. Utgangspunktet må vere elevane sjølv og nærmiljøet. Undervisninga må hjelpe elevane til å utvikle sjølvstendige haldningar og standpunkt. Fakta om rusmiddel må vere i samsvar med kor modne elevane er, og kva behov dei har for informasjon. Samlivslære er sentralt i dette emnet, men heng saman med andre hovudemne i denne planen og emne i andre fag som tek opp samliv mellom menneske. I undervisninga i samlivslære må ein trekkje inn både etiske, psykologiske og sosiale aspekt. Ein bør i det heile arbeide tverrfagleg med dette hovudemnet 1.-3. klasse Kroppen: Bygnad, funksjon, utvikling. Enkelt om sanseapparat, skjelett, hud osv. Å ta vare på kroppen: Personleg hygiene. Tannvern. Skape grunnlag for sjølvstendige haldningar til alkohol, narkotika og tobakk. Maten og helsa: Skolematen. Sunne matvanar. Kva et barn i andre land? Fyrstehjelp: Enkel sårbehandling. Brannsår. Samlivslære: Heim, familie, samliv. Kjærleik. Truskap. Forplanting. Familietilhøve i andre land. 4.-6. klasse Kroppen: Bygnad, funksjon, utvikling. Blodomløpet, fordøyinga, pusteorgana Sansane lyd og lys. Å ta vare på kroppen: Levevis og levevilkår. Førebyggjande helsearbeid. Tannvern. Skolehelsetenesta og anna lokal helseteneste. Kjennskap til dei mest utbreidde sjukdommane. Bruk av medikament. Sjukdom og helsevern i ulike samfunn: Døme frå norsk historie. Litt om den norske velferdsstaten i dag. Samanlikning mellom i-land og u-land. Fyrstehjelp: Årsaker til ulukker. Trafikkulukker - skadeverknader. Hjelpeorganisasjonar. Leggje enkel bandasje. Gjenoppliving. ANT-undervisning: Førebyggjande arbeid. Meistre press og påverknad. Gje
Skann 206 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 204». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/206/