SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 203 skann 205

1.-3. klasse 203 Kartkunnskap: Enkle øvingar med modellbygging og bruk av kart. Enkle kartriss over heimstaden. Vårt nære miljø: Enkle trekk i næringsliv og samfunns- og kulturliv. Reise og transport: Reisene til elevane og foreldra. Litt om trafikk i nærmiljøet. 4.-6. klasse Kartkunnskap: Bygging av landskapsmodellar og bruk av ulike typar kart. Kartteikning over Noreg. Dei største byane. Viktige vassdrag. Riss av dei andre nordiske landa. Hovudstader og andre store byar. Vårt nære miljø: Framvekst - lokalhistorie. Korleis nærmiljøet fungerer i dag, karakteristiske trekk. Frå nærmiljø til storsamfunn: Oversyn over heimefylket og landsdelen. Andre fylke og landsdelar. Konsentrasjonar av folk. Utvalde område. Næringsliv og næringsgrunnlag i ulike landsdelar. Nordiske granneland: Sentrale geografiske trekk og namn. Nordisk samarbeid. Folketal. Næringsvegar. Styringsverk og samfunnsliv: Det lokale demokratiet. Lags- og foreiningsliv. Organisasjonar. Oversyn over det nasjonale styringsverket og det politiske systemet vårt. Forsvaret. Tryggingspolitikk. Lov og rett: Normer og reglar i heim, skole og lokalsamfunn. Kriminalitet og konsekvensar for kvar einskild og for samfunnet. Reise og transport: Reise og transport i gamle dagar. Transportteknologi i omforming. Viktige kommunikasjonslinjer i landsdelen og i Noreg. EUROPA OG ANDRE VERDSDELAR Arbeidet med emnet skal gje elevane kjennskap til eit utval av land i Europa og i andre verdsdelar. Elevane skal lære å finne fram på kart og få ei breiare orientering om folk og levevis i ulike delar av verda. Ein skal knyte viktige geografiske fakta i dei ulike landa saman med natur- og kulturtilhøva, slik at elevane får grunnlag for å forstå situasjonen i dei ulike landa i dag. Dei bør få kjennskap til natur, naturgrunnlag, trekk frå historia, næringsliv og levevis, busetjing, kultur, religion og politiske system. Arbeidet med emnet skal gje eit oversyn over andre religionar og livssyn og det dei har å seie for einskildmenneske og for samfunnet. Undervisninga skal sikte mot å utvikle respekt for menneske med ulike oppfatningar, ulik tru og ulikt livssyn. 1.-3. klasse Vindauga mot verda: Samtale om land og tilhøve elevane kjenner, mellom anna frå massemedium og reiser. Bruke globus og kart. Eventuelt kontakt med personar i lokalmiljøet frå andre land om til dømes tru og livssyn, sed og skikk, mat frå andre land. 4.-6. klasse Europa: Eit utval av land frå Vest samarbeidsorgan. og Aust-Europa. Litt om europeiske Stormakter: USA, Sovjetunionen og Kina. Litt om kva dei har å seie for verdssamfunnet.
Skann 205 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 1

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 203». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/205/