SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 202 skann 204

202 Lengdesnitt: Emne som syner historisk utvikling over lengre tid, til dømes bustaden, reisemåtar, sjukdom, helsevern, familien, å vere barn, kvinnene sin plass. Frå europeisk historie og verdshistorie: Til dømes det gamle Hellas og Romarriket. Det kinesiske riket. Europa i høgmellomalderen og under dei store oppdagingane. Trekk frå den industrielle revolusjonen. Kolonisering. Sør- og Nord- Amerika på 1700-talet. SAMEFOLKET - SAMI ÅLBMOT Emnet skal gje allmennkunnskap om samefolket og fremje innsikt, forståing, toleranse og respekt. Det er naturleg å starte med ei enkel innføring om det samiske samfunnet i dag, og etterpå gå over til ei meir heilskapleg handsaming av historie, kultur og situasjonen for det samiske folket i Såpmi, det området der samar bur og har butt i Noreg, Sverige, Finland og Sovjetunionen. Hovudvekta skal leggjast på situasjonen til samane i Noreg. I arbeidet med den historiske utviklinga bør ein mellom anna leggje vekt på tilpassing til naturgrunnlaget, utvikling av samisk samfunnsordning og på møtet med storsamfunnet (organisert statsmakt). Elevane skal og få innføring i sentrale delar av samisk kultur og dei utfordringane denne kulturen har møtt og møter. I arbeidet med ulike sider ved det samiske samfunnet i dag bør ein og prøve å gje meining til omgrep som etnisitet (kulturtilknyting) og kulturfellesskap. Stoff om samefolket skal og trekkjast inn der det er naturleg i andre hovudemne og i andre fag. 1.-3. klasse Samar i Noreg: Busetjingsområde, arbeid. Oppvekstvilkår for samiske barn. Å vere tospråkleg. Skolegang. Segner og forteljingar. 4.-6. klasse Samisk kultur og historie: Språk. Duodji (handverk, husflid). Klestradisjonar. Joik, segner og forteljingar. Tilpassing til naturgrunnlaget. Busetjing. Styring frå sentrale styresmakter. Det samiske samfunnet i dag: Viktige geografiske trekk i det samiske området. Busetjing og næringsstruktur. Levevis og arbeid. NOREG OG NORDEN. GEOGRAFI Emnet skal gje oversyn over sentrale geografiske trekk i Noreg og Norden. Innføring i samfunnsstyringa, med særleg vekt på det lokale perspektivet, høyrer og med. Det er sentralt i emnet å gje kunnskap om kart og lære elevane å bruke kart av ulike slag. Undervisninga tek utgangspunkt i nærmiljøet og heimekommunen, og skal gje grunnlag for vidare arbeid med andre område i Noreg, som fylke, landsdelar og tyngdepunkt for folkesetnaden. Her er det naturleg å gå nærare inn på nokre karakteristiske område. Det er viktig å få fram korleis ulike område i Noreg er avhengige av kvarandre, og å vise det omfattande samarbeidet med nordiske granneland. Ein bør og ta for seg sentrale kommunikasjonslinjer og den viktige rolla samferdsel og varetransport har hatt og har for samfunnet.
Skann 204 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 202». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/204/