SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 201 skann 203

201 MENNESKE OG SAMFUNN FØR OSS Gjennom arbeidet med emnet skal elevane få kunnskap om levevis, tenkjemåte og samfunnstilhøve i tidlegare tider. Ved hjelp av forteljing og elevane sin fantasi og evne til innleving skal ein skape forståing for korleis folk har tenkt og handla under andre tilhøve enn dei elevane kjenner i dag. Det er viktig å utvikle forståing for at menneske og samfunn endrar seg over tid, og at både materielle vilkår, idear og førestellingar påverkar denne omforminga. Noregshistoria vil naturleg nok ha brei plass i undervisninga. Elevane må lære å forstå at det samfunnet vi lever i, er utvikla og forma av dei som har levt i dette landet før oss. Sjølv om det skal leggjast særleg vekt på arbeidet med utviklinga i norsk historie fram til 1814, skal stoffutvalet vere ope i tid. I fleire av delemna er det såleis naturleg å ta opp tema frå nyare historie. I samband med vår eiga historie bør ein ta med noko stoff om våre nordiske grannar, med særleg vekt på det som bind dei nordiske landa saman. Norsk og nordisk historie kan ikkje stå isolert, men på barnesteget skal europeisk historie og verdshistorie i fyrste rekkje takast med der utviklinga har hatt mykje å seie for den kulturkrinsen landet vårt høyrer til, eller for globale samfunnsforhold i dag. Ein bør veksle mellom emne der tidlegare samfunn vert studerte i større breidd (tverrsnitt), og emne som tek for seg lengdesnitt av meir avgrensa sider ved samfunnslivet (t.d. bustaden gjennom tidene). Norsk historie er, som historia til andre land, rik på mytar og segner om figurar som på ulike måtar har hatt mykje å seie for kulturarven, både lokalt og nasjonalt. Det er viktig at elevane møter denne arven. Elevane må få møte ulike historiske kjelder, arbeide med dei og på den måten få oppleve korleis historie vert til. Dette kan ofte knytast naturleg til arbeidet med slektshistorie og lokalhistorie. Kjensla av at elevane sjølv er ein del av historia og sjølv er med på å forme henne, kan på denne måten verte styrkt. Lokalhistorisk arbeids- og tenkjemåte bør i det heile få brei plass i undervisninga på alle klassesteg. Elevane skal få orientering om arbeid som vert gjort for å verne fornminne og kulturminne frå nyare tid, og som det er vår oppgåve å gje vidare til etterkomarane våre. Utvalet av undervisningsemne treng ikkje følgje ein fast kronologi, men kan veksle mellom stoff frå ulike delemne. 1.-3. klasse Historia vår: Mi eiga historie. Frå historia til heimstaden. Levekår og arbeidsdeling i kvardag og helg. Mytar og segner. Høgtidsdagar. Om dei fyrste menneska. Steinalder. Jeger- og samlarsamfunn. Jernalder. 4.-6. klasse Historia vår: Slektshistorie. Nokre sentrale trekk frå lokalhistorisk utvikling. Endringar i næringsgrunnlag og arbeid og yrke for kvinner og menn. Litt arbeid med historiske kjelder. Mytar og segner. Norsk historie fram til 1814: Sentrale emne som: det tidlege bondesamfunnet. Vikingtida. Noreg vert eitt rike. Svartedauden. Økonomisk vekst og ny utvikling frå 1500-talet. Reformasjonen. Danskane tek styringa i Noreg. Danmark-Noreg under napoleonskrigane. Krigar med Sverige. Landavståing.
Skann 203 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 201». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/203/