SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 200 skann 202

200 SAMSPEL OG SAMARBEID MELLOM MENNESKE Arbeidet med emnet skal gje elevane kunnskap og haldningar som hjelper dei til å ta del i samarbeid og fellesskap med andre, frå det nære miljøet til større delar av samfunnet. Dei må få arbeide med kva det vil seie å vere barn, og få sjå seg sjølv i høve til andre i ulike grupper. Med utgangspunkt i skolesamfunnet må dei få trening i å utveksle meiningar og løyse konfliktar. Dei skal lære å praktisere demokratiske samarbeidsformer i kvardagen, og etter kvart få innsikt i dei demokratiske verdiane samfunnet vårt byggjer på. Gjennom dette hovudemnet og andre emne i planen får elevane faktakunnskap, trening i å vurdere informasjon og å løyse konfliktar som grunnlag for fredsarbeidet i skolen. Konfliktar i skolemiljøet kan vere utgangspunkt for at elevane skal få større forståing av årsaker til konfliktar i større samanhengar og vilkår for fredelege løysingar. Både kunnskapsformidlinga og haldningsarbeidet må tilpassast elevane og modnadsnivået deira. Undervisninga om fred og for fred er ein prosess gjennom alle klassesteg. Elevane må få kjennskap til verdsfråsegna om menneskerettane og til organisasjonar som arbeider med internasjonale spørsmål. Dei må få forståing for at mellomfolkeleg samarbeid og arbeid for fridom, tryggleik og fred mellom nasjonane er viktig. Tilhøva bør leggjast til rette for at elevane kan ta del i praktisk, internasjonalt arbeid gjennom å ha kontakt med barn, klassar og skolar i andre land og gjennom å arbeide med prosjekt, innsamlingsaksjonar osv. 1.-3. klasse Å vere barn: Barnekultur, leik. Barn i andre samfunn. Barneombodet. Å lære om seg sjølv: Enkel personlære. Ulikskap - likeverd. Jamstelling mellom kjønna. Å leve saman: Tilhøvet mellom barn og vaksne. Vennskap, eg og dei andre. Fredsarbeid: Kva skjer når vi vert uvenner? Finne løysingar på usemje og konfliktar. Samarbeid og fred mellom menneske. Demokratisk fridom, rettar og plikter: Styringsorgan i skolen og lokalsamfunnet. Samfunnsborgar- verdsborgar: UNICEF, FN-dagen, verdsbarnedagen. Fråsegna om barnet sine rettar. 4.-6. klasse Å vere barn: Barns rett til omsorg. Lover og institusjonar som tek vare på barn. Deltaking i avgjerder. Å lære om seg sjølv: Ansvar for eiga utvikling og læring. Kritisk vurdering. Ulikskap - likeverd. Jamstelling mellom kjønna. Å leve saman: Ulike samarbeidsformer. Omsorg for medmenneske lokalt og globalt. Fredsarbeid: Konfliktar og konfliktløysing mellom grupper og nasjonar. Vilkår for fred. Trygging av freden i verda. Demokratisk fridom, rettar og plikter: Verdsfråsegna om menneskerettane. Rettar og plikter for kvar einskild. Samfunnet sitt ansvar. Politiske parti. Samfunnsborgar - verdsborgar: Korleis nasjonane er avhengige av kvarandre. Internasjonalt samarbeid og internasjonale organisasjonar, FN o.a. Norsk hjelpearbeid.
Skann 202 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 200». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/202/