SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 199 skann 201

199 Utarbeide oversikter og plansjar, biletseriar med tekst. Lage utstillingar og presentasjonar på skolen og i nærmiljøet. KVARDAGEN FOR BARN Dei daglege gjeremåla i heim, skole og nærmiljø skal vere grunnlag for arbeidet med dette emnet. Undervisninga byggjer på røynsler, interesser og aktuelle hendingar, og skal knytast til oppgåver som utviklar praktisk dugleik til nytte i dagleglivet. Elevane skal lære å sjå seg sjølv som medansvarlege i heimen, på skolen og i kameratflokken, og lære respekt for menneske med ulik bakgrunn. Mange nærmiljø har eit stort innslag av innvandrarar. I arbeidet med innvandrarane sin situasjon må ein leggje vekt på å få fram dei positive verknadene fleirkulturelle innslag har på miljøet. Der det høver, kan ein ta utgangspunkt i tilhøve elevane kjenner frå sine eigne grannelag. I fleire av delemna må ein ta opp jamstelling mellom kjønna spesielt. Trafikkopplæringa skal knytast til miljø der barn ferdast. Ei fyrste innføring i arbeids- og yrkesliv tek utgangspunkt i yrka til foreldra og nære vaksne og i arbeidslivet på heimstaden. Elevane sitt arbeid på skolen er grunnlag for variert aktivitet seinare. Heimkunnskapsstoff er teke inn på 1.3. klassesteget, elles må spørsmål om heim og familie sjåast i samanheng med fagplanen i heimkunnskap. 1.-3. klasse Ansvar for fellesskap i heimen: Ulike familietypar. Tilhøve til foreldre og sysken. Kjønnsroller. Kosthald, enkel matlaging. Lommepengar. Skolen - ein arbeidsplass: Å byrje på skolen. Slik lærer vi, skolearbeid og heimearbeid. Klassemiljø, klasseråd. / grannelaget: Å høyre til i grannelaget. Barn med ulik bakgrunn og ulike føresetnader. Ulikskap, likeverd, toleranse, respekt. Innvandrarar. / nærmiljøet: Å utforske naturmiljøet. Kulturtilbod, fritidsaktivitetar. Praktiske hjelpeoppgåver. / trafikken: Skolevegen. Trafikkskilt, trafikkreglar. Stader å sykle og ake Kollektivtrafikk. Arbeidsliv: Kva er arbeid - heime, på skolen, i nærmiljøet? Yrka til foreldre, besteforeldre og nære vaksne. Endringar i arbeidsdeling mellom kjønna. 4.-6. klasse Skolen - ein arbeidsplass: Skoledemokrati, klasseråds- og elevrådsarbeid, andre rådsorgan i skolesamfunnet. Ansvar for eit godt miljø, praktiske oppgåver på skolen. / grannelaget: Likeverd mellom ulike grupper, sosialt, kulturelt osv. Toleranse og respekt, motverke rasistiske haldningar. Situasjonen for innvandrarane. Kulturelt mangfald. / nærmiljøet: Kva ansvar og rettar barn har i miljøet, deltaking i avgjerder. Kulturaktivitetar, nærradio, avisinnlegg. Praktiske hjelpeoppgåver. / trafikken: Lokale trafikkspørsmål, kartleggje trafikkfarar i nærmiljøet. Tilhøvet mellom bilisme og mjuke trafikantar. Sykling. Arbeidsliv: Samanheng mellom opplæring og arbeid. Arbeidslivet i nærmiljøet. Endring i yrkesmønster. Mannsyrke, kvinneyrke eller ope for begge kjønn?
Skann 201 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 1

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 199». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/201/