SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 198 skann 200

198 I ei konkret og aktuell undervisning må ein også trekkje inn varierte kjelder frå lokalmiljøet: lokalavis, samlingar og museum og folk med spesielle røynsler. Nærområdet må brukast som læringsressurs. Hovudemne og delemne UTFORSKING AV OMGJEVNADENE I orienteringsfaget er metodane for å skaffe fram, registrere, arbeide med og presentere informasjon meir enn arbeidsmåtar. Dei er del av lærestoffet. Elevane må få oppleve gleda ved å utforske omgjevnadene gjennom eigenaktivitet. Dei må verte vane med å skaffe opplysningar gjennom ekskursjonar, intervju og eksperiment, og dei må få arbeide med opplysningane, tolke dei og finne høvelege måtar å leggje fram resultat på: munnleg, skriftleg, gjennom grafisk framstelling, teikning, dramatisering, utstillingar, modellar o.a. Etter kvart må elevane verte meir sjølvstendige i å planleggje utforsking av omgjevnadene og arbeide med resultata ut frå forventningar og formål. Dei metodane som er nemnde her, skal brukast når ein arbeider med stoffet i dei andre hovudemna, og ikkje som lausrivne teknikkar. 1.-3. klasse Bruke sansane systematisk: Samle opplysningar ved til dømes å observere ting og fenomen i naturen, høyre på dyrelåtar, kjenne på materiale, lukte og smake på ulike stoff. Ekskursjonar: Turar i nærområdet for å samle ting og opplysningar om natur og samfunn. Førearbeid og etterarbeid. Andre måtar å samle informasjon på: Intervju stille enkle spørsmål, notere svar. Lese bilete og kart. Bruke oppslagsbøker. Registrere og ordne: Ta vare på opplysningar gjennom teikning, stikkord osv. Klassifisere. Bruke enkelt kartoteksystem. Arbeide med og gjere greie for resultat og opplevingar: Fortelje, dramatisere, teikne. Lage enkel grafisk framstelling, plansjar, modellar og andre produkt. Lage utstillingar på skolen. 4.-6. klasse Eksperimentere: Planleggje og gjennomføre eksperiment. Bruke enkelt måleut styr. Ekskursjonar: Planleggje ekskursjonar for å samle opplysningar og inntrykk frå til dømes arbeidsplassar, museum, kulturminne, ulike naturtypar. Etterarbeid. Andre måtar å samle informasjon på: Intervju stille målretta spørsmål. Lage enkle spørjeskjema og tolke resultat. Bruke bibliotek og andre informasjonssenter, få opplysningar gjennom edb. Registrere og ordne: Bruke hjelpemiddel som til dømes lydband og foto for å ta vare på opplysningar. Føre journal, klassifisere. Lage og bruke enkelt kartoteksystem. Prosjekt: Få øving og røynsle i å setje opp problemstillingar, planleggje og gjennomføre prosjekt. Samtale om resultata og vurdere arbeidsmåten. Arbeide med og gjere greie for resultat og opplevingar: Skrive enkel rapport.
Skann 200 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 198». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/200/