SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 17 skann 19

17 ELVERUM LÆRERHØGSKOLE IIBLIOTEKET dagse praktiske oppgåver og demonstrere det verdifulle i denne typen dugleik. Grunnskolen har ein sentral plass i det førebyggjande helsearbeidet i samfunnet. Han er arbeidsplass og samværestad for elevane i viktige utviklingsar. Grunnlaget for god helse vert i stor grad lagt i dei tidlege barneåra og i dei åra barna går i grunnskolen. Det er ei viktig oppgåve for skolen å hjelpe alle til å ta vare på liv, helse og personlege ressursar. Elevane må få hjelp til å sjå samanhengen mellom livsstil, levekår, sosialt miljø, fysisk og mental helse, og kva konsekvensar val av livsstil har for eiga og andre si helse og for heile samfunnet. Skolen må styrkje ansvarskjensla til elevane på desse områda. Gjennom alt det arbeidet skolen gjer, må han sørgje for at barn og unge får bruke og utvikle evnene sine på eit breitt område. Dei må få høve til å utvikle dei praktiske evnene sine, både i tilknyting til dei ulike fagområda i skolen og ved å få læringsoppgåver i lokalmiljøet. Det må leggjast vekt på å skape grunnlag for felles røynsler og opplevingar i læringsarbeidet. Det er grunnleggjande for den sosiale oppsedinga som skolen skal gje. Den individuelle og den sosiale utviklinga må få like gode vekstvilkår i skolen. Sjølvstende og samarbeid Skal elevane utvikle ei demokratisk haldning, er det ein føresetnad at kvar einskild vert respektert ut frå eigenarten sin og behandla som eit sjølvstendig individ. Samtidig er det nødvendig å syne omtanke for fellesskapet. Elevane må lære å forstå at det å leve saman, dele arbeid og ansvar i heim, skole og samfunn, krev samarbeid. Sjølvstende og forståing for samarbeid heng nøye saman med korleis elevane opplever seg sjølv, og med dei normene og haldningane dei møter i oppvekstmiljøet sitt. Dei treng oppgåver dei kan identifisere seg med og meistre. Eit viktig ledd i utviklinga av sjølvstende og samarbeidsevne er å la elevane få ansvar for konkrete arbeidsoppgåver, og høve til å oppleve konsekvensen av dei vala dei tek. Elevane bør gradvis dragast med i samarbeid om eigen arbeids- og læringssituasjon. Arbeidet i skolen skal gje barn og unge hjelp til å sjå framover i livet. Spørsmål som knyter seg til tru og håp for framtida, må derfor takast alvorleg. Det er skolen si oppgåve å utfordre elevane til å tenkje over kva framtid dei ønskjer, og kva dei sjølv kan gjere for å nå framtidsmåla. Gjennom ulike oppgåver og aktivitetar kan elevane lære å vurdere sosiale situasjonar. Elevane treng å vite i kva tilfelle solidaritet og innordning er nødvendig for fellesskapet, samtidig som dei må lære seg å avsløre og avvise urimeleg sosialt press og uakseptable krav om innordning. Eit viktig trekk i karakterutviklinga er å kunne stå åleine og hevde meiningane sine, og samtidig respektere andre som hevdar si personlege meining på tilsvarande måte. Elevane må få røyne at deira oppfatningar og synspunkt vert respekterte, og dei må få hjelp til å forstå at kunnskap er eit nødvendig grunnlag for eigne, sjølvstendige standpunkt. Skolen må leggje forholda til rette for samarbeidstiltak der alle som høyrer skolen til, kan vere aktivt med. Samarbeidet må ha ei meining for dei det vedkjem. Elevane må få oppleve at samhald kviler på respekt for både skrivne og uskrivne lover og normer. Skolen må leggje vekt på å skape samhøyr innanfor den einskilde gruppa, i kvar klasse og i skolen som heilskap.
Skann 19 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 17». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/19/