SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 194 skann 196

KAPITTEL 26 194 ORIENTERINGSFAG 1.-6. KLASSE Skolen skal hjelpe elevane til å verte gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn og utvikle positiv identitet. Skolen skal og gje dei grunnlag for å vere med og forme framtida på ein aktiv og ansvarleg måte. Ein viktig føresetnad for dette er at elevane får kunnskap om seg sjølv, heimen, levevis og samfunnstilhøve før og no, og om kulturen og korleis han vert forma. Dei treng og kunnskap om natur, livsgrunnlag og teknikk fordi livsvilkåra i så høg grad heng saman med naturgrunnlaget og utnyttinga av det, og fordi kunnskap om natur og teknikk i seg sjølv er ein viktig del av kulturen. Samfunnet treng aktive og medvitne medlemmer, som har innsikt i og forståing for mellommenneskelege tilhøve i ulike samanhengar. Derfor må elevane arbeide med samfunnsfaglege og naturfaglege tema, slik at dei får allsidige opplevingar og røynsler, og vert oppmuntra til aktivitet og medansvar for utviklinga av samfunnet, lokalt, nasjonalt og internasjonalt. På grunn av den nære samanhengen mellom alle desse emna er dei samla i ein fagplan på barnesteget. Mål Undervisninga i orienteringsfag skal ta sikte på - å gje elevane allsidig kunnskap om seg sjølv, om heim og nærmiljø, historie og samfunnsliv, naturgrunnlag og geografi å lære elevane om samanhengar mellom natur, samfunn og kultur og lære dei å verne om livsgrunnlag, helse og miljø - å gje elevane varierte røynsler og opplevingar, og tru på eigne evner innanfor dei felta orienteringsfaget femner om
Skann 196 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 2

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 194». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/196/