SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 193 skann 195

7. Mønsterplan. Nynorsk 193 uttale. Skjønnlitterære tekstar kan brukast når dei språkleg er enkle nok til at elevane forstår dei. Eit viktig kriterium for val av tekstar er at dei har størst mogleg eigenverdi for elevane. Elevane må få trening i å lese samanhengande tekstar på eiga hand anten for opplevinga eller for å skaffe seg oversikt over teksten, hente ut særskilde opplysningar, notere ukjende ord og uttrykk osv. Elevane må og få lage tekstar sjølv. Både prosessen og produktet er verdifulle for dei. Somme tekstar vil høve til bruk i samla klasse, andre i smågrupper eller individuelt. Elevane må få trening i å vurdere tekstar dei møter i fritida. Her er det naturleg å samarbeide med andre fag. Alle elevar bør ha sjansen til å bruke så mange ulike typar tekstar som råd. Lista nedanfor viser døme. 4.-6. klasse Songar, rim og regler. Lyd- og biletstoff: Teikningar, bilete, plakatar, lysbilete og levande bilete i film og fjernsyn. Skolekringkasting. Samtale med utgangspunkt i film, video-, radio- og fjernsynsprogram. Lytting til opplesing og lydprogram. Trykte tekstar, tilrettelagde og autentiske: Forteljingar, kort, brev, dialogar, eventyr, teikneseriar, klipp frå aviser og vekeblad, brosjyrar, dikt, lettlesbøker. Elevproduserte tekstar: Lage tekstar til bilete. Dialogar. Skrive postkort og enkle meldingar. Veggaviser. Enkle dramatiseringar, reportasjar 0.1. for lyd- og videoopptak. 7.-9. klasse Lyd- og biletstoff: Lytting til opplesing og lydprogram. Samtale om og kritisk vurdering av film, video-, radio- og fjernsynsprogram. Trykte tekstar, tilrettelagde og autentiske: Bruksrettleiingar. Oppslagsverk. Dokumentarprogram. Tekstar om andre skolefag. Lettlesbøker, romanar, noveller, dikt og skodespel. Elevproduserte tekstar: Reportasjar. Referat. Forteljingar. Brev. Tverrfagleg prosjektarbeid. Dataprogram: Datamateriale til språkopplæring. Fagleg orientering, underhaldning. Kritisk vurdering av slike program.
Skann 195 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 193». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/195/