SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 195 skann 197

195 - å stimulere fantasi og skaparevne og oppmuntre til å bruke sansane og utforske omgjevnadene - å stimulere elevane til å vise omsorg for medmenneske, og gje dei grunnlag for å ta ansvar i samfunnet - å gje elevane sjølvtillit og tru på at dei kvar for seg og saman med andre kan påverke samfunnsutviklinga - å gje elevane trening i å samarbeide og løyse konfliktar Lærestoff og progresjon Orienteringsfaget omfattar stoff for 1.-6. klasse som tradisjonelt har høyrt til heimstadlære, naturfag og samfunnsfag. Heimkunnskapsstoff er og integrert i planen for 1.-3. klasse. Lærestoffet er ordna i tretten hovudemne som viser det sentrale innhaldet i faget. I praktisk undervisning kan ein kombinere stoff frå fleire hovudemne, og ein kan integrere stoff frå andre fag. Ein del av hovudemna har tyngdepunktet i samfunnsfag eller i naturfag, andre går på tvers av ei slik inndeling. Dette er gjort for å vise at det er viktig å få fram tverrfagleg samordning i undervisninga, men at tradisjonelle stoffområde og kan representere naturlege einingar. Hovudemna prøver å gje eit balansert uttrykk for det orienteringsfaget skal femne om, og kva for samanhengar som er sentrale å få fram. Somme av hovudemna representerer ei større stoffbreidd enn andre, til dømes menneske og samfunn før oss, Noreg og Norden. Geografi, Europa og andre verdsdelar, livsformer og livsgrunnlag i naturen, ressursar og næringsliv. Desse emna krev meir tid enn emne som er mindre omfattande. Alle hovudemne går over både 1.-3. og 4.-6. klassesteg. Det vil vere naturleg å arbeide med fleire av dei gjennom alle seks åra, medan andre emne kan takast i eitt av åra i bolken, eller over eit meir avgrensa tidsrom innanfor perioden. Ein del av lærestoffet krev ein særleg progresjon. 1 orienteringsfaget må ein ofte byggje opp omgrep og tenkjemåtar som elevane ikkje har frå før. Det krev at ein arbeider medvite og systematisk over ei viss tid. I alle hovudemna er det lagt vekt på å syne ein klar progresjon i innhaldet frå småskolesteget til mellomsteget. Stort sett går dei same delemna att i begge bolkane. Stikkorda under delemna syner progresjonen i lærestoffet. Delemna på 4.-6. klassesteget er ei vidareføring frå 1.-3. klasse både når det gjeld breidd, fordjuping og nytt stoff. Somme av delemna har mange stikkord for å syne døme på aktuelt stoff. Alt kan ikkje takast med innanfor den tida som står til disposisjon for orienteringsfaget, ein må velje ut det som høver i dei ulike undervisningsopplegga. Undervisninga i orienteringsfaget skal ta utgangspunkt i det lokale og konkrete. Etter kvart må perspektiva utvidast til det som ligg fjernare, både i tid og rom. Kunnskap om vårt eige land, om naturtilhøve, geografi og samfunnsliv i Noreg, må også vere ei førebuing til å sjå norske forhold i større samanheng når stoffet om andre land og verdsdelar kjem inn. På same vis må elevane lære å sjå samtida i historisk perspektiv når dei møter stoff frå norsk historie og verdshistoria. I vårt moderne samfunn der vaksenkontakten for mange born er vorten fattigare, er og dei ytre vilkåra for born si oppleving av sin historiske samanheng
Skann 197 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 195». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/197/