SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 191 skann 193

191 GRAMMATIKKMOMENT Innføringa av grammatikkmoment skal skje gjennom konkrete døme og bruk av språket. Teoretiske forklaringar og grammatiske nemningar skal vere tilpassa det nivået elevane er på, og vere formulerte slik at elevane har praktisk nytte av dei. Elevane kan langt på veg lære å bruke korrekt engelsk utan at dei kan alle grammatiske reglar og nemningar. Samstundes er det klart at ei aukande forståing for grammatikk og det formelle grunnlaget han gjev, er nyttig og nødvendig. Ein må derfor vurdere kva legning og føresetnader kvar elev har, når ein stiller krav om korrekt språk, bruk av terminologi, reglar og forklaringar, og når ein vel frie og strukturerte øvingar. Formelt korrekt språk treng ikkje å vere avgjerande for effektiv kommunikasjon. Elevane må forstå formålet med det dei lærer. Derfor må nye strukturar førast inn og øvast i meiningsfylte samanhengar. Ulike aktivitetar, grupperingar, presentasjonsmåtar og hjelpemiddel må takast i bruk slik at arbeidet vert variert, og elevane vert så aktive som råd og vert oppmuntra til å bruke det dei lærer. Mekanisk terping og usamanhengande arbeidsøvingar kan lett vere med på å undergrave måla for faget. Innanfor det temaet og dei språkfunksjonane som er valde, bør utvalet av grammatikkmoment følgje ein progresjon frå det enkle til det meir kompliserte. Det er vanleg å ta utgangspunkt i strukturar og måtar å bruke dei på som elevane kjenner frå morsmålet sitt, og deretter øve inn strukturar som er ukjende eller brukte annleis enn i morsmålet. Men undervisninga bør vere balansert. Innøving av strukturar som er ukjende eller brukte annleis enn i morsmålet, må ikkje gå ut over bruk av språket generelt. Rettleiing om progresjon ligg i stikkorda. 4.-6. klasse Ulike typar verb: Hovudverb, hjelpeverb (be, have, do), modale hjelpeverb (can). Verbale former: Den mest vanlege bruken av infinitiv, imperativ, presens partisipp, perfektum partisipp, sterke verb. Vanleg presens, vanleg preteritum, presens samtidsform, preteritum samtidsform, perfektum, «going to» + infinitiv, halespørsmål, korte svar. Substantiv: Eintals- og fleirtalsformer, eintals- og fleirtalsord, samsvar mellom subjekt og verb, genitiv. Adjektiv: Funksjon, gradbøying, samanlikning Adverb: Form, funksjon, gradbøying, nokre adverb utan «ly»-endinga. Artiklar: Bunden, übunden, nokre uttrykk utan artikkel. Preposisjonar: Dei vanlegaste preposisjonane. Pronomen: Personlege, peikande, spørjande, eigedomspronomen, it/there, visse übundne pronomen some, any, every, no. Konjunksjonar: Nokre - dei mest vanlege (and, but, or, because osv.). Talord og måleiningar: Grunntal, rekkjetal, vanleg brøk (half, quarter), klokkeslett, dato, årstal, lengd, avstand, fart. Stavingsreglar: Fleirtalsendingar, verbalformer, gradbøying av adjektiv og adverb, stor forbokstav. Ordstilling: Vanleg ordstilling, ordstilling i spørsmål og nektande setningar. Teiknsetjing: Punktum, komma.
Skann 193 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 191». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/193/