SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 190 skann 192

7.-9. klasse 190 Menneske i engelsktalande land: Livet i Storbritannia og i USA og andre engelsktalande land. Arbeid og utdanning, sed og skikk. Engelsk i ulike land: Ulike variantar av engelsk uttale og korleis dei vert brukte. Utsnitt av geografi, historie og samfunnstilhøve. Engelsk som internasjonalt språk: Samfunnsområde der engelsk vert brukt. BRUK AV SPRÅKET - SPRÅKFUNKSJONAR Språkfunksjonane uttrykkjer det ein prøver å gjere ved hjelp av språket. Innanfor dei temaa ein arbeider med, er det nødvendig å finne språkfunksjonar som tek vare på det som skal seiast. Sidan sosiale situasjonar og samhandlingar mellom menneske kan ta varierte former, er det nødvendig å finne språkformer som med ein gong er nyttige og akseptable i ein vanleg kommunikasjonssamanheng. Undervisningssituasjonen og dei tankane og røynslene elevane sjølv sit inne med, bør skape behov for å kommunisere, slik at det vert naturleg å bruke engelsk i timane. Til å byrje med vil elevane uttrykkje seg enkelt, men etter kvart vert språkbruken meir nyansert. Funksjonen «å nekte» kan til dømes uttrykkjast på fleire måtar: No No, I can't Sorry Sorry, Tm busy Quite impossible, Fm afraid Fm afraid I haven't got the time at the moment Det inneber at progresjonen aldri kan verte mekanisk, slik at ein funksjon automatisk følgjer ein annan. Også her vil overgangen mellom barne- og ungdomssteget vere flytande, avhengig av tema, læringssituasjon og nivå elevane er på. 4.-6. klasse Spørje etter og gje opplysningar: Til dømes fortelje, spørje, identifisere. Spørje etter og gje uttrykk for oppfatningar og synspunkt, haldningar og meiningar: Til dømes like/mislike noko, vere interessert/uinteressert, overraska, vilje noko, vere takksam, nekte, vere samd/usamd, vite, tilby, ta imot eit tilbod, kunne/ikkje kunne, ha planar om noko, be om orsaking, seie at noko er viktig/ uviktig, vere redd, føretrekkje. Få andre til å gjere noko: Til dømes tilby eller be om hjelp, be nokon om å gjere noko, invitere, føreslå. Sosiale funksjonar: Til dømes helse, ta avskil, presentere seg og andre, gratulere, ønskje velkomen, få merksemd, avbryte. 7.-9. klasse Spørje etter og gje opplysningar, korrigere. Spørje etter og gje uttrykk for oppfatningar og synspunkt, haldningar og meiningar: Til dømes vere nøgd, vone, vere vonbroten, vere uroleg, ha sympati. Tykkje noko er mogleg/umogleg, logisk/ulogisk, gje uttrykk for visse/uvisse, plikt, samtykke. Tilgje, gje kritikk og ros. Få andre til å gjere noko: Gje råd, åtvare, instruere
Skann 192 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 190». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/192/