SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 188 skann 190

188 undervisningssituasjonen, må dei sjølv forstå og kunne gje forklaring på engelsk og uttrykkje seg så tydeleg og presist som råd. Elevane må og få hjelp til å utvikle ei konstruktiv haldning til språklege feil. I staden for å vere redde for å gjere feil må dei forstå at dei kan lære av feila. Det er viktig å ta vare på den gleda og lysta til å lære som elevane har når dei byrjar med engelsk. Freistnader på å forstå og uttrykkje seg på eit framandt språk kan lett føre til at elevane kjenner seg utrygge. Framandspråklæraren må derfor bruke arbeidsformer som er med på å skape tryggleik, og han må få elevane til å forstå at dei jamvel med svært elementære kunnskapar i framandspråk kan kommunisere effektivt på ein del område. Elevane må verte klare over nokre av dei mest formålstenlege framgangsmåtane for å kunne løyse problema dei har med å uttrykkje seg eller å forstå. Det vil kunne gjere sitt til at dei vågar og ønskjer å bruke kunnskapane sine. Munnleg bruk av språket er viktigast på alle nivå. Elevane bør få trening i å bruke munnleg og skriftleg engelsk gjennom oppgåver som inneber reell kommunikasjon med andre. Dei bør og i nokon mon få kjennskap til at dei bruker språket på ulik måte i ein kommunikasjonssituasjon, avhengig av kven dei snakkar med, kva dei snakkar om og kva dei ønskjer å oppnå. Det same gjeld for forståinga av det andre seier eller skriv. Gjennom kommunikativ aktivitet, drama og rollespel får elevane bruke skapande evner og fantasi, samtidig som dei får øving i å bruke språket. Songar, regler, leikar og spel er og aktivitetar som kan skape språkglede. I arbeidet med ulike tekstar må elevane få trening i å tolke ukjende ord og omgrep ut frå samanhengen. Dei bør lære å bruke ordbøker og andre oppslagsbøker for å kontrollere meining, ortografi og bøyingsformer. I skriftleg arbeid må oppgåvetypane vere tilpassa den evna elevane har til å uttrykkje seg. Det er viktig at læraren stiller differensierte krav til elevprestasjonar i skriftlege arbeid. Enkle skriftlege aktivitetar kan vere å notere meldingar, skrive brev eller lage korte dialogar. For ein del elevar er frie skriveaktivitetar ein fin sjanse til å gje uttrykk for fantasi, opplevingar og meiningar. Elevane må lære å bruke skriftspråket som hjelpemiddel i det daglege arbeidet med faget. Særleg på ungdomssteget må dei arbeide systematisk med nødvendige normer for ortografi, bøyingsverk og teiknsetjing, og dei bør få høve til å lære seg å bruke lydskrift som hjelpemiddel. Innsikta og kunnskapane som elevane har i morsmålet, må nyttast i engelskundervisninga. Engelsk bør og brukast som reiskap i arbeid med andre fag og emne. Læremiddel Skolane skal velje læremiddel som gjev rom for allsidige aktivitetar. Det er bruk for eit variert utval av tekstar (jf. hovudemnet ulike tekstar). Utvalet må vere lett tilgjengeleg for både lærarar og elevar i medietek og klasserom. Det gjeld og materiell og utstyr som skal brukast til opptak, avspeling, framsyning og produksjon av læremiddel i klassen (veggaviser, lydprogram osv.).
Skann 190 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 188». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/190/