SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 187 skann 189

187 språkevne dei har, og sjølv om dei har ufullstendige kunnskapar, må elevane få vite at dei kan nytte seg av den språkopplæringa dei får. Lærestoff og progresjon Å lære eit framandt språk er ein samansett prosess. Derfor er det viktig å få samanheng og heilskap i arbeidet med dei ulike hovudemna. Emna høyrer saman og går til dels over i kvarandre. I progresjonen må ein derfor ta omsyn til både eigenarten til stoffet og føresetnadene til elevane. Elevane vil vanlegvis forstå ord, uttrykk og strukturar før dei meistrar dei aktivt. Læringsprosessen i framandspråk krev at elevane får møte lærestoffet fleire gonger og i varierte samanhengar. For kvart møte forstår elevane betre det dei skal lære. Stoffet bør vere slik at elevane møter språklege utfordringar ut over det dei sjølv meistrar, samtidig med at øvinga i dei ulike delane av språket byggjer opp under det dei har lært. Det er nødvendig å byggje opp eit så stort og variert ordtilfang som råd. Det er ein føresetnad for differensiering at elevane lærer å arbeide så sjølvstendig som råd, og at dei får bruke stoff som er tilpassa evnene og behova deira. I mange tilfelle vil elevane kunne velje mellom ulike slag stoff og ulike arbeidsmåtar, og det kan vere med på å gje dei ansvar for eiga læring. Når det er gode grunnar for det, kan somme emne for 4.-6. klassesteget og 7.-9. klassesteget forskyvast slik at grensa mellom barne- og ungdomssteget ikkje vert for skarp. I stoffvalet må ein leggje vekt på å finne stykke som interesserer jenter og gutar i same grad, og som gjer det mogleg for alle å identifisere seg med stoffet. Skolen må leggje vekt på å informere foreldra om korleis undervisninga i engelsk vert lagd opp. I ei tid då språkopplæringa er i stadig utvikling, vil mange foreldre ha nytte av slik informasjon. Hovudemna er avhengige av kvarandre og bør studerast i samanheng. Utgangspunktet for undervisningsopplegg er til vanleg ein tekst eller eit tema. Kva språkfunksjonar og grammatikkmoment som skal takast opp, er avhengig av kva tekst eller kva tema ein arbeider med. Uttale og intonasjon må vere ein integrert del av det daglege arbeidet med språket. Arbeidsmåtar Engelsk er eit vanleg skolefag på linje med andre. Det som står om arbeidsmåtar i den generelle delen av planen, skal og gjelde for undervisninga i engelsk. Veksling mellom lærarstyrt øving, gruppe- og pararbeid og individuelt arbeid er nødvendig. Læring kan føregå dels gjennom målmedviten strukturert øving, og dels gjennom variert og meiningsfylt språkleg påverknad. Det er ikkje mogleg å seie på førehand kva måte som får mest å seie for kvar einskild elev. Elevane må lærast opp til å arbeide så sjølvstendig som mogleg. Dei må lære korleis dei best kan dra nytte av røynslene og kunnskapane som dei sjølv og læraren har. Dersom elevane skal klare seg når dei treng å bruke språket utanom
Skann 189 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 187». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/189/