SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 16 skann 18

16 har forma kulturen og samfunnet vårt og prega tankegang og haldningar. Estetiske verdiar er ein viktig del av kulturarven. Språket, litteraturen, dei ulike kunstartane og andre former for skapande aktivitetar er avgjerande for nasjonalt fellesskap og kulturell sjølvforståing. Opplæringa må gje høve til å bruke estetiske uttrykksformer, utvikle evne til å gle seg over det som er vakkert, og skape forståing for dei verdiane kunst og kunsthandverk representerer. Kunnskap om menneskelege livsvilkår og utviklingshøve i vårt eige land og i andre land er viktig. Denne kunnskapen omfattar og opplysning om kva som avgjer helsa vår fysisk og psykisk. Han omfattar lærdom om det sosiale miljøet mennesket lever i, og kjennskap til korleis samfunnet er bygt opp og organisert. Han omfattar innsikt i historie og geografi. Samspelet mellom menneske og natur er eit viktig tema for læring. Elevane må få forståing for aktivt natur- og miljøvern og for vårt forvaltaransvar for naturen. Skolen må utvikle forståing for samarbeid mellom ulike folkegrupper i vårt eige land og i verda elles. Han må gje orientering om arbeidet for avspenning, rettferd og fred i verda. Skolen må og informere om kva teknologien har å seie for samfunnet og for arbeid og næringsliv, og gje innsyn i den teknologiske utviklinga i global samanheng. Gjennom fleire fag vil elevane få praktisk røynsle med ulike former for teknologi og kunnskapar som set dei i stand til å bruke dei. Også slike kunnskapar og røynsler må setjast inn i eit større perspektiv. Dei kulturelle og etiske spørsmåla i samband med teknologien i forhold til samfunnet og einskildmennesket bør få stort rom. Massemedia vil verte ein endå viktigare del av kvardagen til folk flest i framtida. Elevane må få arbeide aktivt med dei ulike media, så dei får kunnskapar om dei og trening i å bruke dei og å velje og vurdere. Undervisninga må leggje vekt på å fremje ei sjølvstendig, kritisk haldning til massemedia, samtidig som ho lærer elevane å bruke dei under ansvar og for positive formål. Allsidig utvikling Skolen skal fremje ei allsidig utvikling av evnene til elevane anten evnene er småe eller store, og utan omsyn til kva retning dei går i. I alt arbeidet sitt må skolen byggje på respekt for evnene og eigenarten til kvar einskild elev og hjelpe alle til ei harmonisk personlegdomsutvikling. Elevane må få oppleve at deira røynsler, kunnskapar og evner har noko å seie og vert verdsette. På den måten kan skolen vere med på å gje elevane styrkt tillit til eigne evner og utsikter. Intellektuell nyfikne og skapartrong må stimulerast. Elevane må få hjelp til å utvikle sjølvstendig tenking, til å tenkje logisk og uttrykkje seg klart. Det er og viktig å utvikle varleiken til kvar einskild og evna til å uttrykkje kjensler. Læring og oppleving må gå hand i hand. Den kjenslemessige modninga til elevane er avhengig av at dei får allsidige og nyanserte inntrykk som kan gje grunnlag for oppleving og engasjement. Skolen må sørgje for at inntrykk frå natur, kunst og sosialt fellesskap kan verte ein positiv del av skolekvardagen til elevane. Kreativ aktivitet skal vere ein naturleg del av arbeidet i skolen som heilskap. Skolen skal medverke til ei oppvurdering av praktiske evner og anlegg. Gjennom formidling av praktisk innsikt skal skolen førebu elevane på dagleg-
Skann 18 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 16». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/18/