SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 186 skann 188

KAPITTEL 25 186 ENGELSK I eit lite språksamfunn som Noreg gjer kunnskap i engelsk det mogleg med kontakt med folk frå andre land. Slik kontakt er ein styrke både for kvar einskild og for samfunnet. Vi kan utveksle informasjon og impulsar, og få innsyn i område der språket vert brukt. Det er stadig meir nødvendig å kunne bruke engelsk i arbeid, utdanning og fritid. Noreg er med i internasjonalt samarbeid, handel og samferdsel. For å kunne vere med i dette fellesskapet er det svært viktig å kunne engelsk. Mål Undervisninga i engelsk skal ta sikte på - å utvikle elevane sine evner til å lytte til, tale, lese og skrive språket slik at dei vert i stand til å oppfatte og uttrykkje seg og vågar å bruke språket - å utvikle interessa for å lære framande språk, stimulere til språkglede og gje elevane best mogleg grunnlag for vidare opplæring - å hjelpe elevane til å forstå at engelsk er ein reiskap som kan gje dei del i verdifulle kunnskapar og opplevingar, og sjansar til å orientere seg betre og meir direkte om menneske og samfunnsforhold i andre land å hjelpe elevane til å forstå og godta problem som alle kan møte når dei bruker eit anna språk enn morsmålet sitt I grunnskolen er engelsk eit kommunikasjonsfag, eit dugleiksfag, eit opplevingsfag og eit kunnskapsfag. Elevane skal få bruke, øve seg i og utvikle språket i mest mogleg reell kommunikasjon med andre, både i og utanfor skolen. Gjennom å kunne engelsk får elevane sjanse til opplevingar på eiga hand og saman med andre og til å skaffe seg kunnskapar. Elevane har ulike føresetnader for å lære seg framandspråk. Men same kva
Skann 188 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 186». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/188/