SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 184 skann 186

1.-3. klasse 184 Gjere innkjøp: Elevane vert engasjerte ved sjølv å finne på oppgåver og lage rekneforteljingar frå eigne røynsleområde. 4.-6. klasse Kjøp og sal: Enkle oppgåver som gjer elevane kjende med omgrep som pris, rabatt, avbetaling, forteneste, tap. Bank og post: Sparing, lån, renter, overføringar (giro). Arbeidsliv og fritid: Oppgåver frå nærmiljøet og interesseområda til elevane. 7.-9. klasse Personleg rekneskap og budsjett: Inntekter, utgifter, hushaldningsrekneskap. Skatt. Trygd. Pensjon. Sjølvmelding. Lønnskonto, sparing og lån: Avdrag. Renterekning. Enkel innføring i aksjar og obligasjonar. Kjøp og sal: Vidare øving. Samanlikning av betalingsvilkår. Avanse. Meirverdiavgift og andre avgifter. Utanlandsk mynt, valutakursar. Arbeids- og næringsliv: Oppgåver i tilknyting til produksjon og omsetning. Trygding: Orientering om ulike trygdingsformer. Orientering om prisindeks og lønnsoppgjer. Offentlege budsjett: Orientering om korleis offentlege budsjett vedkjem alle. ALGEBRA OG FUNKSJONSLÆRE Algebra har mykje å seie for oppbygginga av matematikken og for å formalisere omgrepsdanning. Bruk av formlar og algebraiske uttrykk står sentralt i ei matematisk skildring av forhold i daglegliv og samfunnsliv. Kjennskap til algebra og funksjonslære er nødvendig for å kunne forstå og gjere seg nytte av den informasjonen som vert gjeven i form av bokstavuttrykk. Kunnskapar i algebra er og ein nødvendig føresetnad for å kunne arbeide med meir teoretisk matematikk. I dette emnet er og likningar tekne med. Alle elevar må få ei viss innføring i emnet, og undervisningsopplegget må vere tilpassa dei føresetnadene kvar einskild elev har. Dei grunnleggjande omgrepa vert innførte ved hjelp av eksperimenterande arbeid. Det må leggjast vekt på at elevane utviklar ei klar oppfatning av omgrepa variabel og funksjon. Elevane må få øving i å formulere og stille opp likningar, og i å bruke funksjonar i tilknyting til konkrete situasjonar. Lommereknaren vil vere eit godt hjelpemiddel til å løyse likningar ved eksperimentering og tilnærming. Han er og eit høveleg hjelpemiddel til å illustrere funksjonsomgrepet. 1.-3. klasse Løysing av enkle likningar gjennom utprøving. 4.-6. klasse Oppstilling av likningar og ulikskapar: Øvingar i samband med praktiske oppgåver, fyrst gjennom utprøving.
Skann 186 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 184». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/186/