SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 183 skann 185

183 STATISTIKK Statistikk i ulike former vert nytta svært mykje i dagens samfunn for å gje informasjon og som grunnlag for planlegging og avgjerder. For å kunne forstå og ta stilling til slike opplysningar er det nødvendig med ein viss kjennskap til statistiske omgrep og metodar, og øving i å vurdere statistisk materiale kritisk. Elevane samlar inn, systematiserer og lærer å arbeide med data etter enkle statistiske metodar. Dataa kan gjerne ha grunnlag i observasjonar elevane har gjort sjølv. Elevane må få øving i å forstå og vurdere kritisk informasjon i form av tabellar og grafiske framstellingar av ulike slag. Arbeidsstoff kan hentast frå dei nære omgjevnadene, frå medium og andre kjelder. Emnet høver godt til arbeid på tvers av faggrenser. 1.-3. klasse Innsamling og enkel systematisering av data: Søylediagram. 4.-6. klasse Innsamling og enkel systematisering av data: Innføring av histogram. Tolking av enkle tabellar og diagram. Utrekning av gjennomsnitt i enkle døme. 7.-9. klasse Planlegging og gjennomføring av undersøkingar: Innsamling og systematisering av data. Grafiske illustrasjonar. Frekvens og frekvenstabe/lar. Utrekning av gjennomsnitt. Omgrepet median. Tolking av data: Øving i kritisk vurdering av statistisk materiale. Omgrepet prognose. Innføring i sannsynsomgrepet gjennom praktiske forsøk. PERSONLEG ØKONOMI OG SAMFUNNSØKONOMI Personleg økonomi vedkjem alle elevar. Emnet høver godt til å føre praktiskøkonomiske tema inn i undervisninga. Opplæringa tek sikte på å setje elevane i stand til å forvalte økonomiske ressursar på ein ansvarleg måte. Innanfor samfunnsøkonomien vert matematiske modellar brukte, og eit visst innsyn i slike modellar kan gje elevane betre forståing av sentrale delar av samfunnsøkonomien. Elevane må derfor ha kjennskap til korleis matematikk vert brukt på det samfunnsøkonomiske området. Oppgåver og andre aktivitetar elevane får å arbeide med, skal hentast frå situasjonar som det kan vere lett å leve seg inn i, og som engasjerer elevane. I byrjarfasen arbeider dei med enkle oppgåver. Etter kvart tek ein for seg meir samansette problem som det kan finnast fleire løysingar på. Elevane skal og arbeide med stoff frå arbeids- og næringsliv. Lærestoff kan hentast frå massemedium og årlege publikasjonar. Overslagsrekning er ein naturleg del av oppgåveløysinga. Emnet høver godt til tverrfagleg samarbeid med samfunnsfag og heimkunnskap.
Skann 185 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 183». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/185/