SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 182 skann 184

182 7.-9. klasse Samanheng mellom tal i prosentform, brøkform og desimalform. Rekning med prosent: Likningar til oppstilling av prosentoppgåver. Promille. Geometri er eit sentralt emne innanfor matematikken, og ein reiskap til å skildre omverda. Geometri er nært knytt til teikning og skapande arbeid, og gjev høve til utforsking og eksperimentering. Emnet høver særleg godt til å få elevane til å forstå kor viktig det er å vere nøyaktig. Opplæringa i geometri må i utgangspunktet vere konkret og praktisk, og oppgåvene må hentast frå dei nære omgjevnadene til elevane. Ein må leggje vekt på å arbeide med enkle og vanlege figurar i plan og rom. Elevane vert kjende med eigenskapane til figurane og med terminologien som vert brukt, så langt det er nødvendig for arbeidet. Elevane må få trening i å bruke skisser og fri teikning. Dei må og få trening i nøyaktig teikning og konstruksjon med passar, linjal og andre teiknereiskapar. Elevane må få høve til å eksperimentere og granske, og til å stille opp hypotesar som dei vil undersøkje. Her kan datamaskinen vere eit nyttig hjelpemiddel, til dømes til å gjere utrekningar og teikne figurar. Etter føresetnadene sine må elevane få innføring i geometri som døme på ein matematisk teori. Somme geometriske setningar og prova for dei må takast med. 1.-3. klasse Arbeid med plane figurar av ulik form og storleik: Rektangel, trekant, sirkel. Omkrins: Måle omkrins av rektangel og trekant. Førebuing til arealutrekning. 4.-6. klasse Geometriske omgrep: Punkt, linjestykke, rett linje, kurve, vinkel 0.l Sirkelgeometri: Radius, diameter, gradtal. Omkrins og areal: Rektangel, trekant, sirkel. Teikning og enkle konstruksjonar: Trekant, rektangel, sirkel. Arbeid med tredimensjonale figurar: Rett prisme, sylinder. 7.-9. klasse Teikning og konstruksjon: Vinklar, halveringslinje, normalar, parallellar. Trekantar og firkantar. Sirkelgeometri: Innføring av omgrepa korde, tangent, sirkelsektor. Omkrins og areal: Vidare øving med trekantar, firkantar og sirklar. Parallellogram, trapes og sirkelsektor skal takast med. Formlikskap, målestokk: Formlike trekantar, kart og arbeidsteikningar. Avspegling, symmetri: Kongruensavspegling, spegling om ei rett linje og eit punkt. Geometriske setningar: Setningar om vinklar i trekantar og firkantar. Setningar om vinklar som kjem fram når to parallelle linjer vert skorne av ei tredje linje. Den pytagoreiske setninga. Overflate og volum: Rett prisme, sylinder. GEOMETRI
Skann 184 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 182». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/184/