SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 181 skann 183

181 føresetnad for pålitelege utrekningar er at ein bruker formålstenlege måleinstrument og einingar. Elevane vil trenge oversyn over og presisering av kva dei ulike einingane står for, og bør få trening i å bruke dei. Oppgåvene må i størst mogleg grad hentast frå det røynsleområdet elevane har. Kunnskap om måling og einingar er viktig for arbeidet med andre fag, som forming, heimkunnskap, orienteringsfag, naturfag og samfunnsfag. Innlæring og øving bør skje på tvers av faggrensene. 1.-3. klasse Måling av lengd, masse, volum. Innføring av dei vanlegaste einingane for lengd, masse og volum. Mynteiningar: Kroner og øre. Klokka. Kalenderen. 4.-6. klasse Måling og utrekning av lengd, flate, volum, masse. Tidseiningar. Innføring i samansette einingar: Til dømes km/t, m/s, g/cm 3 Innføring i målestokk: Illustrasjon ved hjelp av kart. Mynteiningar: Rekning med norske pengar. Dei vanlegaste utanlandske mynteiningane. Omgjering av einingar: Oppgåver med einingar frå røynsleområdet til elevane. 7.-9. klasse Oppgåver med einingar for lengd, flate, volum, masse, tettleik. Oppgåver med målestokk: Praktisk bruk som kart, arbeidsteikningar, mønster 0.1. Måling og usikker måling: Samanheng mellom måleinstrument og måleining. Gjeldande siffer. Einingar og omgjering innanfor samfunnsliv, teknikk og vitskap: Kjennskap til dei vanlegaste einingane og det internasjonale einingssystemet (Sl-systemet). PROSENT Prosentomgrepet vert brukt innanfor ulike område i samfunnet, og elevane møter dette omgrepet i mange ulike samanhengar. Derfor må dei utvikle klare førestellingar om kva omgrepet står for, og lære korleis det vert brukt. Ved overslagsrekning skal ein leggje vekt på samanhengen mellom dei vanlegaste prosenttala og brøk. I innlæringsfasen skal oppgåvene knytast til enkle døme frå dagleglivet. Laborativt materiell og konkret må takast i bruk. Arbeid med prosentrekning står sentralt innanfor hovudemna personleg økonomi og samfunnsøkonomi og statistikk. Dugleik og kunnskapar i prosentrekning må brukast også i andre skolefag. 4.-6. klasse Prosentomgrepet: Prosent definert som hundredel. Rekning med prosent: Å finne prosentdelen når alt er gjeve.
Skann 183 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 181». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/183/