SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 180 skann 182

180 Potensar: Hovudvekt på tiarpotensar. Kvadrattal og kvadratrot. Oversyn over talområda: Naturlege tal, heile tal, rasjonale tal, reelle tal. TALREKNING Talrekning femner om rekning med og utan hjelpemiddel. Det må leggjast vekt på å øve inn og automatisere addisjons- og subtraksjonstabellen med tala 0-20 og den vesle multiplikasjons- og divisjonstabellen. Elevane må og arbeide med å øve opp dugleik i hovudrekning og overslagsrekning. Elevane lærer å bruke vanlege algoritmar i dei fire reknemåtane, å gjere utrekningar og vurdere svara. Bruk av lommereknar endrar ikkje verdien av å forstå talrekning, men det er ikkje nødvendig med omfattande trening i å gjere kompliserte utrekningar. Ein føresetnad for at elevane skal bruke lommereknaren på ein formålstenleg måte, er at dei er flinke i hovudrekning og overslagsrekning. Elevane må få trening i å rekne med fleirsifra tal utan å bruke lommereknar. Talrekninga skal knytast til konkrete situasjonar så langt som det er formålstenleg. 1.-3. klasse Rekning med naturlege tal og null: Addisjon og subtraksjon med tiarovergang og veksling innanfor talområdet 0 1000. Innføring i multiplikasjon i talområda 0 100. Innleiing til divisjon. Hovudrekning. 4.-6. klasse Hovudrekning, overslagsrekning. Rekning med naturlege tal og null: Tabellane må automatiserast i størst mogleg grad. Multiplikasjon med fleirsifra tal. Divisjon med ein- og tosifra divisor utan hjelpemiddel. Rekning med brøk: Addisjon og subtraksjon med brøkar. Multiplikasjon av brøk med naturlege tal. Forenkling og utviding. Rekning med desimaltal: Dei fire reknemåtane. Det vert særleg arbeidt med dekadiske einingar i multiplikasjon og divisjon. 7.-9. klasse Hovudrekning, overslagsrekning, bruk av lommereknar. Rekning med naturlege tal og null: Vidare arbeid med dei fire reknemåtane med og utan hjelpemiddel. Rekning med brøk: Arbeid med dei fire reknemåtane. Rekning med desimaltal: Vidare arbeid med dei fire reknemåtane. Tiarpotensar. Kvadratrot, tt. Rekning medforteiknstal: Dei fire reknemåtane. MÅLING OG EININGAR Alle elevar kjem i kontakt med måling i ulike former, både mens dei er i skolen og seinare i livet. Då er det nødvendig å vite korleis målingar skal gjerast, og kva mål og einingar som vert brukte. Den fyrste innføringa må knytast til måleinstrument som elevane kjenner. Dei skal arbeide med ulike måtar å måle på og øve seg i å velje høvelege einingar. Ein
Skann 182 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 180». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/182/