SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 179 skann 181

179 framstelling av korleis oppgåvene er løyste. Dei må kunne avgjere om det resultatet dei kjem fram til, er rimeleg, og vurdere, eventuelt endre, framgangsmåten dei har brukt. 1.-3. klasse Arbeid med konkrete problem i tilknyting til røynsleområdet og nærmiljøet til elevane: øving i å finne oppgåver ut frå eigne opplevingar, røynsler og kunnskapar. Trening i å presentere løysingsmetodar. 4.-6. klasse Arbeidet vert utvida til å femne om problem frå andre fag i skolen og frå samfunnslivet. 7.-9. klasse Arbeidet vert utvida slik at det og femner om problem av meir teoretisk slag TAL Sikre talomgrep er basis for all vidare matematikkopplæring. Derfor må det leggjast ned eit grundig arbeid i å utvikle klare talomgrep og sikker talforståing gjennom heile grunnskolen. Elevane må lære å sjå samanhengen mellom mengder og talsymbol, og mellom ordninga av tala og storleiken. Vidare må dei arbeide med dei omgrepa og symbola som vert brukte i samband med samanlikning mellom talstorleikar. Elevane må få grundig innføring i titalssystemet. Særleg på byrjarsteget må ein leggje stor vekt på å arbeide med konkret materiale. Tallinja kan brukast til illustrasjon når ein innfører brøk, desimaltal og forteiknstal. 1.-3. klasse Talforståing og talbehandling innanfor dei naturlege tala og null: Tal knytte til mengder, ordninga av tala, uttrykka lik, større enn, mindre enn. Titalssystemet: Spesiell vekt på arbeidet med tala 0-1000. Brøk: Døme på dei vanlegaste brøkane som halvdel, tredel, firedel. 4.-6. klasse Partal, oddetal, primtal, samansette tal: Innføring i omgrepa. Titalssystemet: Utviding av talrekkja, særleg vekt på tala opp til ein million. Brøk: Brøktal vert forklarte, uekte brøkar, blanda tal, likeverdige brøkar. Desimaltal: Samanheng mellom brøk og desimaltal, spesielt 0,1 = og 0,01 = iftj. Ordning av tal. Forteiknstal: Forteiknstal i konkrete samanhengar. 7.-9. klasse Partal, oddetal, primtal, samansette tal. Brøk: Brøk som forhold. Desimaltal: Ordning av tala. Posisjonssystemet. Samanheng mellom brøk og desimaltal. Avrunding og tilnærming: Vurdering av talet på desimalar.
Skann 181 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 179». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/181/