SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 178 skann 180

178 Arbeidet med matematikk skal byggje på og utvikle skapande evne hjå elevane, og gje rom for eksperimentering og utforsking. Læremiddel For at læraren skal kunne gjennomføre ei god matematikkopplæring, bør det finnast strukturert laborativt materiell og utstyr som modellar, apparat og instrument i tilstrekkeleg utval og mengd, slik at elevane sjølv kan undersøkje, prøve ut og få røynsler. Vidare bør det finnast eit rikt utval av objekt som kan brukast til demonstrasjon i undervisninga på alle klassesteg. Undervisningsmateriellet bør vere forma på ein slik måte at det kjem alle elevar til gode, stimulerer interessa deira for matematikk og gjer det mogleg for elevane å arbeide på eiga hand. Det bør vere tilgang på kart, rutetabellar og anna høveleg materiell frå lokalmiljøet, og oversyn over kva som kan vere interessant å undersøkje i nærområdet rundt skolen. Elevane må få arbeidsreiskapar som høver til oppgåva. Lommereknaren kan takast i bruk på barnesteget, og er eit nødvendig hjelpemiddel på ungdomssteget. På barnesteget vil lommereknaren kunne vere til god hjelp for spesielle elevgrupper. Datamaskinen vil vere eit hjelpemiddel til å illustrere matematiske forhold og til å granske matematiske samanhengar. Slik bruk kan knytast til alle hovudemna i matematikken. Hovudemne og delemne PROBLEMLØYSING Elevane vil ofte møte situasjonar der matematisk formulering av problem vil kunne hjelpe dei til å finne rasjonelle løysingar. Å løyse eit problem er ein prosess med fleire ledd: - å formulere problemet - å analysere problemet og kome fram til ein løysingsmetode å gjere dei nødvendige utrekningane - å vurdere framgangsmåte og resultat Ved at elevane sjølv får trening i å finne og formulere oppgåver, kan problemløysing motivere dei til å ta i bruk matematikk som reiskap og stimulere evna deira til å tenkje kreativt. Dei må og få høve til å eksperimentere og granske samanhengar når problema er meir teoretiske. Elevane må arbeide med å formulere problem både skriftleg og munnleg. Det må leggjast vekt på å kome fram til løysingsmetodar når problemet er gjeve i form av ein tekst, særleg gjeld det undervisninga i dei øvste klassane. Overslagsrekning går inn som eit naturleg ledd i problemløysinga. Elevane må få trening i å presentere løysingsmetodar på ulike måtar, og lære å gje ei klar og oversiktleg
Skann 180 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 178». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/180/