SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 177 skann 179

177 samanhengar. Det vert ei oppgåve for skolen å ta vare på og systematisere den matematiske kunnskapen elevane alt har. Samtidig byrjar eit målretta arbeid med å utvide dei kunnskapane og dugleiken elevane har i matematikk, eit arbeid som ikkje minst er avhengig av elevinnsatsen. Oppgåva til lærarane vert å leggje til rette eit best mogleg læringsmiljø og leie opplæringa i ei balansert tilmåting mellom ulike metodar, slik at elevane får arbeide på det nivået dei maktar. Matematikkfaget i skolen har eit vidare siktemål enn å gje innføring i matematiske emneområde. Ein må og leggje vekt på å bruke matematikken som verktøy når ein skal løyse praktiske oppgåver i eit samfunn med andre krav og med andre hjelpemiddel enn tidlegare. På denne bakgrunnen er det teke med emne i planen som går ut over det som tradisjonelt vert oppfatta som fagstoff i matematikk. Det er gjort for å understreke at også metoden ein arbeider etter, er sentral i matematikkundervisninga. Lærestoffet er delt inn i ti hovudemne. Hovudemna må ein ikkje sjå på som isolerte einingar, men som hjelp til ei strukturering av lærestoffet. Undervisninga må leggjast slik til rette at elevane opplever heilskapen i faget. Problemløysing er teke med som eige hovudemne og skal vere ein del av all matematikkopplæring. Matematikk krev i større grad enn dei fleste andre skolefaga ein bestemt progresjon i undervisningsopplegget. Det vil derfor verte laga rettleiande årsplanar i eit tilleggshefte for dette faget. Arbeidet med faget må tilmåtast slik at alle elevane vert stilte overfor utfordringar som dei har føresetnader for å makte. Matematikk er både kunnskap og dugleik, og delar av matematikken er ei sjølvsagd og nødvendig hjelp i andre fag. Her må det vere samarbeid og samordning, slik at arbeid med matematikkfaget og bruk av matematikk i andre fag støttar kvarandre og fremjar forståing. Samarbeid på tvers av faggrensene der elevane får oppleve at dugleiken deira i matematikk kjem til nytte, kan verke stimulerande på læringa. Arbeidsmåtar Lærestoffet kan introduserast ved at elevane fyrst undersøkjer og eksperimenterer i eit godt tilrettelagt læringsmiljø, og/eller ved at læraren viser og forklarer. Det bør nyttast eit enkelt og lett forståeleg språk; matematiske faguttrykk kan ein introdusere etter kvart. Elevane bør verte oppmuntra til å forklare korleis dei tenkjer når dei løyser oppgåver, og til sjølv å lage oppgåver. For at elevane skal få større innsikt og forståing, må det vere stadige samtalar og diskusjonar i samla klasse eller i smågrupper. Vidare øving skjer ved at elevane får individuelt tilpassa oppgåver og utfordringar. Alle elevar må verte respekterte når dei arbeider ut frå dei evnene dei har. Innlært dugleik og innsikt må haldast ved like og styrkjast. Ein bør leggje vekt på å dra inn stoff frå dagleglivet og miljøet til elevane, og frå andre fag. Heimearbeid kan vere praktiske oppgåver, observasjonar og innsamling av data. Arbeidsopplegget må inspirere elevane til å dra inn aktuelle problem og arbeide matematisk med dei på ein måte som gjev lønn for det eleven kan, og lyst til å lære meir. Det må vidare ta sikte på å hjelpe kvar einskild til å ta ansvar for eiga læring, og til å løyse oppgåver i samarbeid med andre.
Skann 179 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 177». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/179/