SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 15 skann 17

15 ELVERUM LÆRERHØGSKOLE tIBLIOTEKET Grunnskolen skal hjelpe elevane til å setje einskildkunnskapar inn i eit større perspektiv, så dei lærer å oppdage samanhengar og finne heilskap. Dei må få veksande forståing for at vår eiga tid er resultatet av ein lang historisk prosess. Dei må lære å sjå vårt eige samfunn som ein del av eit globalt fellesskap. Kunnskapsformidling er ein viktig dimensjon ved dei fleste skolefaga, men i dei faga som gjev elevane dei grunnleggjande «reiskapane» for alt anna fagleg arbeid, er denne dimensjonen avgjerande. Særleg gjeld det faga norsk og matematikk. Sidan i skolegangen vil og opplæring i framandspråk kome inn som ein viktig reiskap for anna læring. Evna til å oppfatte og forstå, til å uttrykkje seg godt og klart, og til å meistre eit veksande ordtilfang og reglar for korrekt språkbruk, er viktige vilkår for å kunne eigne til seg kunnskapar på andre fagområde. Også den grunnleggjande reknedugleiken kjem til nytte i mange andre fag. Dei fleste elevane i grunnskolen kjem til å søkje vidare utdanning, der krava til kunnskapar vert gradvis høgare. Derfor må skolen leggje vekt på at elevane vert best mogleg rusta for vidare skolegang. Skolen har ei nøkkelrolle i arbeidet med å utvikle evner og haldningar hjå dei unge, og dermed gje samfunnet vårt rikare vekstvilkår i framtida. Det vert stadig større kontakt og utveksling over landegrensene, og Noregs stilling i verdssamfunnet vil i aukande grad vere avhengig av at dei nye generasjonane får eit sterkt grunnlag å stå på av kunnskapar, innsikt og moden vurderingsevne - og av ope sinn og ansvar overfor andre folk og kulturar. I denne samanhengen har grunnskolen eit viktig ansvar for å formidle kunnskapar og dugleik på ein best mogleg måte. Etter kvart som samfunnet vert meir innvikla, og kunnskaps- og informasjonsmengda veks, vert det endå viktigare for kvar einskild å ha fått eit grunnlag av kunnskapar og innsikt, dugleik og arbeidsvanar gjennom skolegangen. Eit slikt grunnlag er avgjerande for at ein skal kunne ha oversynet, ta på seg ansvar, hevde rettane sine og gjere meiningsfylte val seinare i livet. Samfunnsutviklinga fører med seg ei rad nye sjansar for læring utanfor skolegangen. Men skolen er åleine om å organisere læring som ein systematisk prosess, ut frå pedagogiske siktemål - med ansvar for at kunnskapsgrunnlaget skal verte mest mogleg allsidig og fullstendig, og med omsorg for at kvar elev skal få best mogleg hjelp til å lære. Utgangspunktet må vere at elevane er fortrulege med dei kjende og nære livssamanhengane dei møter i familieliv, skole og lokalsamfunn. Skolen må derfor arbeide med oppgåver som har tilknyting til dei røynslene og opplevingane elevane har, og lære dei om ulike former for arbeidsinnsats som må til for å fylle viktige funksjonar i heim og samfunn. Ut frå dette grunnlaget må dei lære seg veksande forståing for det vi har sams som folk - og for rikdommen i dei ulike tradisjonslinjene og kulturformene i vårt eige samfunn. Dei må samtidig stimulerast til å vere opne for inntrykk og impulsar frå andre land og kulturar, og få kunnskapar også om deira historie og naturforhold. Den samiske kulturen har lange tradisjonar og er ein del av det kulturelle mangfaldet i landet vårt. Det samiske folket har ei spesiell stilling i forhold til dei andre etniske minoritetsgruppene. Kunnskap om samisk kultur høyrer med i den orienteringa som skolen skal gje alle elevar. Det ansvaret som skolen har for å gje elevane «kristen og moralsk oppseeding», gjer at også kristendomsfaget er eit nøkkelfag i kunnskapsformidlinga i skolen. Innsikt i kristen tru og lære, og i utviklinga av kyrkje- og kristenliv gjennom historia, er eit nødvendig grunnlag for å forstå korleis kristendommen
Skann 17 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 15». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/17/