SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 176 skann 178

KAPITTEL 24 176 MATEMATIKK Matematikk er ein nødvendig reiskap innanfor ulike område av samfunnsliv, teknikk og vitskap. Matematisk kunnskap er og ein del av kulturen vår. Ein kan gje presis informasjon ved hjelp av matematikk, og slik informasjon har som føresetnad at mottakaren har matematisk innsikt og kunnskap. Vi treng kunnskapar og dugleik i matematikk for å kunne løyse mange av oppgåvene i dagleglivet og for å kunne ta oss av personlege interesser og gjeremål. Derfor får alle elevar i grunnskolen opplæring i matematikk. Mål Undervisninga i matematikk skal ta sikte på å gje elevane innsikt i grunnleggjande emne og metodar i matematikk i samsvar med føresetnadene deira - å utvikle kunnskapane og dugleiken til elevane slik at dei ser på matematikk som ein nyttig reiskap når dei skal løyse problem i dagleglivet og i yrkessamanheng - å øve opp elevane si evne til logisk tenking og til å arbeide systematisk og nøyaktig - å setje elevane i stand til sjølv å arbeide med data og vurdere informasjon slik at dei kan ta ansvarlege avgjerder å ta vare på og utvikle fantasien og skapargleda til elevane - å stimulere elevane til å hjelpe og respektere kvarandre og til å gå saman om å løyse oppgåver Lærestoff og progresjon Barn som begynner på skolen, har alt fått visse matematiske kunnskapar og omgrep. Dei har ofte vanskar med å setje ord på det dei veit, og kjenner lite til
Skann 178 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 176». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/178/