SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 173 skann 175

173 frå dagleglivet og faglege emne (t.d. emne frå enkle fagtekstar og skjønnlitterære tekstar skrivne for alderssteget). Skriftleg bruk av norsk: Elevane må lese samanhengande tekstar, både i skjønnlitterære tekstar og sakprosa med fagspråk (t.d. i orienteringsfag), og dei må arbeide med å skrive samanhengande tekstar (t.d. tekstar der dei gjev uttrykk for eigne tankar og opplevingar, forteljingar eller framstellingar av faglege emne). Dei må lære å bruke oppslagsbøker, og å samle, systematisere, presentere og nytte ut informasjon og idear. EMNE Utviklinga av den språklege dugleiken skal knytast til desse emna: Emne frå orienteringsfaget: Jorda, kloten vår: Solsystemet. Jordskorpa, terrengforhold, klimasoner. Dei fem verdsdelane, verdshava. Utvikling av samfunn: Fangstkultur, jordbrukssamfunn, industrisamfunn. Utviklinga av kontakt mellom verdsdelar, kolonisering, frigjering. Nærmiljøet vårt: Lokalhistorie. Karakteristiske drag i nærmiljøet. Noreg: Hovuddrag i historia. Geografi. Plantar og dyr: Samspelet i naturen. Naturressursane: Energi, ureining. Kommunikasjon og medium: Aviser, radio og fjernsyn. Litteratur: Det er viktig at elevane får lese så mykje skjønnlitteratur som råd. Dei må få lese både norsk og omsett skjønnlitteratur som gjev høve til identifikasjon og oppleving, og litteratur som kan gje innsyn i og forståing av norsk kultur. Dei må og lære barnevers og barnesongar. Litteraturutvalet må dels innehalde eit felles tekstutval i leseverk særskilt laga for faget norsk som andrespråk, dels av bøker som elevane og lærarane finn fram til saman. 7.-9. klasse DUGLEIK Munnleg bruk av norsk: Elevane må arbeide med å vidareutvikle den munnlege dugleiken sin, slik at dei kan lære å forstå ulike røyster og dialektar til dømes i radio og fjernsyn. Dei må og få trening i å gje uttrykk for eigne meiningar og drøfte faglege emne. Dei må få trening i å gje ei samanhengande munnleg framstelling av eit emne. Skriftleg bruk av norsk: Elevane må vidareutvikle lesedugleiken sin, slik at dei kan lære å lese både større skjønnlitterære tekstar enn på tidlegare steg, og vanskelegare sakprosatekstar, både fagbøker på norsk for sitt eige alderssteg og til dømes aviser og tidsskrift. Dei må og arbeide med å utvide skrivedugleiken sin. På dette steget bør det leggjast vekt på at elevane utvidar evna til å skrive tekstar i ulike sjangrar. Dei må arbeide både med skrivedugleik dei vil få bruk for i arbeidslivet (rapportar, brev og søknader), og med dugleik dei vil ha bruk for i vidare skolegang (både kreativ skriving og skriving av sakprosatekstar).
Skann 175 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 173». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/175/