SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 174 skann 176

174 EMNE På dette steget bør elevane arbeide med emne som er knytte til samfunnslivet, mellom anna bør dei få kunnskapar om ulike samfunnsinstitusjonar og om det politiske livet. Samstundes må dei arbeide med emne som kan danne grunnlag for vidare arbeid med norskfaget i seinare skolegang og yrkesopplæring. Arbeidet med den språklege dugleiken kan knytast til desse emna: Språklære: Sentrale grammatiske omgrep som gjev innsyn i norsk språkstruktur, innsyn i likskapar og skilnader mellom norsk og morsmålet og hjelp til arbeid med framandspråk. Tekstanalyse. Det norske språksamfunnet, mellom anna bakgrunnen for to offisielle skriftmål og litt om norske dialektar. Samfunnskunnskap: Individ og samfunn: Familie. Samliv. Skole og utdanning. Yrkesliv. Fritid. Offentlege og private samfunnsinstitusjonar. Minoritetane i storsamfunnet: Kulturell, språkleg, etnisk, religiøs og politisk gruppetilhøyrsel i eit samfunn. Fred og fridom: Menneskerettar. Nasjonale og internasjonale konfliktar og internasjonalt samarbeid. Det politiske systemet i Noreg: Utviklinga etter 1945. Parti og regjeringar. Val og røysterett. Fagforeiningar, interesseorganisasjonar. Arbeidslivskunnskap og yrkesorientering: Arbeids- og yrkesfunksjonar. Arbeidsmiljø, jamstelling, medstyring, samarbeid og konfliktløysing. Medium: Media i samfunnet. Bruk av medium. Medium som påverknadsmiddel. Medium som hjelpemiddel i undervisninga. Litteratur: Litteratur som kan gje høve til identifikasjon og oppleving. Litteratur som kan gje innsyn i norsk kultur og samfunnsliv. Elevar som kjem til Noreg mens dei er i skolealderen Ein del elevar kjem til Noreg mens dei er i skolealderen. Blant dei vil det på alle alderssteg vere store skilnader på kor mykje skolegang dei har fått tidlegare. Somme vil ha fleire skoleår bak seg enn jamaldrande norske barn, andre vil ha færre. Dei elevane som kjem utan lese- og skrivedugleik i ein alder då elevar i norsk skole er ferdige med den grunnleggjande lese- og skriveopplæringa, må få ekstra støtte til å lære å lese og skrive. Dei som har gått på skole i andre land, kan vere vane med andre arbeidsformer og anna faginnhald enn det som er vanleg i norsk skole. For elevar som kjem til Noreg mens dei er i skolealder, må det setjast i verk spesielle språkopplæringstiltak. Dei må få tilpassa intensivundervisning i både norsk og morsmål i startfasen, og dei kan ha bruk for fagundervisning på morsmålet. Ho bør gå parallelt med norskopplæringa så lenge det trengst. Det vil kunne vere ei urimeleg påkjenning for somme elevar å skulle byrje med fleire nye språk samtidig, og i nokre tilfelle bør ein vurdere å utsetje byrjaropplæringa i det fyrste framandspråket. Elevane bør då få tilbod om meir intensiv framandspråkopplæring seinare. For å kunne gje tilpassa undervisning til elevar som kjem til Noreg mens dei er i
Skann 176 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 174». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/176/