SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 172 skann 174

172 Den munnlege treninga skal byggje opp og vidareutvikle den generelle dugleiken eleven har i norsk, og leggje grunnlag for lese- og skriveopplæringa. Det bør leggjast vekt på at elevane får utvikle ikkje berre den munnlege dugleiken dei treng i sjølve undervisninga, men også den munnlege dugleiken dei treng for å kunne kommunisere med norske jamaldrande i andre samanhengar. Skriftleg bruk av norsk: Innanfor dei tre fyrste skoleåra må elevane få lese- og skriveopplæring både på morsmålet og på norsk. Normalt skal lese- og skriveopplæringa på morsmålet kome fyrst, og lese- og skriveopplæringa på norsk fyrst byrje når elevane kan lese og skrive enkle samanhengande tekstar på morsmålet. Tidspunktet for å byrje lese- og skriveopplæringa må tilpassast til kvar einskild elev. Den munnlege delen av undervisninga må alltid danne eit breitt grunnlag for lese- og skriveopplæringa. Den førebuande leseopplæringa må tilpassast til elevane, til dømes slik at dei elevane som har morsmål med eit anna skriftsystem og ei anna skriveretning, får trening som hjelper dei å forstå og venje seg til skilnaden mellom dette skriftsystemet og det norske. EMNE Den praktiske språkdugleiken må elevane utvikle i arbeid med spesielle emne. Emna vert henta frå dagleglivet og frå anna fagundervisning på same klassesteg. Gjennom norskundervisninga må elevane få dei språklege uttrykksmidla dei treng for å dra både dei norske røynslene sine og røynslene frå andre land inn i skolearbeidet. I arbeidet med nytt kunnskapsstoff bør ein bruke døme både frå Noreg og andre land. Ein bør arbeide med slike emne: Emne frå orienteringsfaget: Eigen person: Kroppen, kjensler og kroppsspråk. Klede og formålstenleg påkledning. Mat og sunne matvanar. Daglege gjeremål. Familien: Heimen, slekta, forholdet mellom generasjonane. Skolen: Skolebygningen, utstyr og inventar. Personane på skolen og funksjonane deira. Ansvaret og pliktene til kvar einskild. Nærmiljøet: Venner og grannar, omgangsformer, fritid og leikemiljø, byen/bygda, trafikk. Omgrep for tid og rom: Klokka, inndelinga av året, himmelretningar. Naturen: Vekstar, dyr, klima, mennesket i naturen. Litteratur: Elevane må verte kjende med norsk og omsett barnelitteratur, både rim og regler, songar, dikt, eventyr og forteljingar. Dei må verte kjende med enkle tekstar om emne som vedkjem dei, til dømes om familiar som flytter, utvandring og innvandring. Elevane må også gjennom litteraturen få kjennskap til norsk daglegliv og miljø. 4.-6. klasse DUGLEIK Munnleg bruk av norsk: Elevane må få øving i å forstå munnlege framstellingar om faglege og andre emne som er tilrettelagde for deira alderssteg, og øving i å vere med i samtalar om emne
Skann 174 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 172». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/174/