SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 171 skann 173

171 Arbeidsmåtar I den tidlegaste språkundervisninga bør ein leggje stor vekt på lyttetrening og samtalar med elevane om emne som dei er engasjerte i, og språktreninga bør i stor grad knytast til røynsleverda åt elevane, og til konkrete aktivitetar som elevane tek del i på skolen. Dei emna som vert dregne inn frå andre fag, bør elevane arbeide med gjennom samtalar om tekstar og bilete, i rollespel, song og teikning på ein slik måte at elevane kan engasjere seg i stoffet. Godt planlagde ekskursjonar i nærmiljøet vil kunne gjere sitt til at elevane utviklar språkdugleiken i situasjonar som er meiningsfylte for dei. Ekskursjonar vil samtidig gjere elevane kjende med miljøet utanfor skolen. Mange av elevane vil og lære mykje norsk utanfor skoletida, og dei bør oppmuntrast til å fortelje om opplevingane sine slik at også det ordtilfanget dei lærer utanfor skolen, kan verte gjennomarbeidt og styrkt i norskundervisninga. Læraren må vere merksam på at ein del elevar har svært liten kontakt med norsktalande utanfor skolen. Desse elevane må få rikeleg med norsk lesestoff, og må oppmuntrast til å aktivisere norsken sin ved å lytte til norsk i fleire samanhengar, til dømes gjennom radio og fjernsyn. Den generelle språklege dugleiken er ikkje plent bunden til eit bestemt språk. Dugleik som er lært i arbeidet med morsmålet, vil vere grunnlag for arbeidet med norsk som andrespråk. Det er viktig at morsmålslæraren og læraren i norsk som andrespråk får høve til å samarbeide. Læremidla i norsk som andrespråk må vere spesielt tilpassa elevar som tilhøyrer språklege minoritetar, både i utforming og innhald. Det gjeld både tekstar, bilete, lydband og film. Som suppleringsmateriell kan ein og bruke materiell laga for elevar med norsk som morsmål, både materiell som er laga for andre fag, til dømes orienteringsfag, og materiell for norskundervisninga. Det vert stilt særskilde krav til lese- og skriveopplæringsmateriellet for norsk som andrespråk, og ein bør bruke materiell som er spesielt laga for elevar som tilhøyrer språklege minoritetar. Leseverka for norsk som andrespråk må ha skjønnlitterære tekstar som er tilpassa alderssteget, og det må vere tekstar å velje mellom slik at det er mogleg - også innanfor dei faste leseverka - å differensiere ut frå kva interesser og språkleg nivå elevane har. Hovudemne og delemne 1.-3. klasse DUGLEIK Munnleg bruk av norsk: Elevane må lære å forstå norsk daglegtale om emne dei er opptekne av på sitt alderssteg, og lære å ta del i samtalar på norsk om dei emna som vert behandla i undervisninga og om emne frå dagleglivet. Læremiddel
Skann 173 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 171». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/173/