SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 169 skann 171

KAPITTEL 23 169 NORSK SOM ANDRESPRÅK FOR SPRÅKLEGE MINORITETAR Denne fagplanen gjeld for elevar som har eit anna morsmål enn norsk, samisk, dansk eller svensk. For elevar frå tospråklege heimar og for elevar som er vane med å bruke norsk, kan foreldra i samråd med skolen velje om eleven skal følgje denne fagplanen eller fagplanen i norsk for elevar med norsk som morsmål. Blant dei elevane planen gjeld for, vil det vere stor variasjon i språkdugleiken i både norsk og morsmålet. Det relative styrkeforholdet mellom språka vil og variere både når det gjeld dugleiken og den kulturelle og den kjenslebundne tilknytinga elevane har til kvart av språka. Fagplanane for norsk som andrespråk og for morsmål for språklege minoritetar må ein derfor sjå i samanheng. Styrkeforholdet mellom dei to språka og den rolla kvart av språka spelar for kvar elev, vil kunne endre seg i dei åra elevane går på skolen. Det vil kunne føre til at ein må leggje vekt på ulike emne innanfor kvar av dei to fagplanane etter kvart som elevane endrar kulturell og språkleg tilknyting. For begge fagplanane sedde under eitt gjeld det overordna målet at elevane skal ha høve til å utvikle funksjonell tospråklegheit og trygg kulturell identitet. Elevar som kjem til Noreg mens dei er i skolealderen, må få spesiell undervisning før dei kan følgje denne planen. Vi viser til særskilt avsnitt om det. Dei elevane som har norsk som andrespråk, bør arbeide med lesetekstar på både bokmål og nynorsk på dei høgaste klassestega, men det er ikkje noko krav at dei sjølv skal meistre meir enn ei målform. Faget norsk som andrespråk bør ha eigne timar. Men dersom det ikkje er mogleg å setje i gang eiga undervisning på alle klassesteg, og elevane på dei høgaste klassestega må vere med i norskundervisninga for elevar med norsk som morsmål, må elevane likevel kunne følgje fagplanen for norsk som andrespråk. Då kan dei til dels arbeide med eigne oppgåver, og dei kan velje eige tekstutval der det er naturleg. Då vil det vere denne fagplanen som vert lagd til grunn ved vurdering og avgangsprøve. Formålet med faget er å gje elevane kunnskapar og språkleg dugleik som både kan hjelpe dei til auka forståing av norsk kultur og aktiv deltaking i det norske
Skann 171 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 169». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/171/