SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 168 skann 170

168 og næringsliv i heimlandet. Litteratur frå heimlandet, publikasjonar på morsmålet i Noreg. Røynsler frå vitjingar i heimlandet. Migrasjon: Årsaker til ut- og innvandring, konsekvensar av ut- og innvandring. Noreg og heimlandet: Samband, likskapar og skilnader. Å vere norske borgarar. Minoritetsgruppene i Noreg. Å vere tospråkleg: Å utnytte tospråklegheit i ulike samanhengar: i skolen, i samfunnet. Tospråklegheit og yrkestilbod. Å ha venner på to språk. LITTERATUR Det må vere ei viktig oppgåve i morsmålsopplæringa å gje elevane god tilgang på variert litteratur på morsmålet. Gjennom litteratur må ein motivere elevane til å få kjennskap til ulike sider ved den kulturelle bakgrunnen sin. Undervisninga skal på denne måten gjere sitt til at elevane får kunnskap om og forståing for ulike litterære tradisjonar i heimlandet. Elevane bør og få høve til å integrere dei impulsane dei får frå litteraturen i dei praktiske, sosiale og kulturelle aktivitetane sine på skolen. 1.-6. klasse Lytte, lese, framføre: Arbeid med ulike sjangrar (prosa, poesi, skodespel). Tekstlesing og kommentar. 7.-9. klasse Arbeid med ulike sjangrar: Å analysere innhaldet i dei utvalde tekstane. Litterære omgrep. Å bruke biblioteket.
Skann 170 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 168». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/170/