SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 167 skann 169

167 Arbeid med litteratur frå heimlandet, dikt og prosa. Studieteknikk: Som 4. 6. klasse. SPRÅKLÆRE Det er svært viktig at morsmålsundervisninga gjev innsyn i korleis språket er bygt opp, og tek for seg likskapar og skilnader mellom fyrste- og andrespråket til eleven. Om eleven skal verte medviten om andrespråket sitt, norsk, er det avgjerande at han fyrst vert språkmedviten i forhold til morsmålet sitt. Undervisninga i språklære må omfatte både oppbygginga av språket og skriftsystemet og den språkhistoriske utviklinga. Den fyrste tida i skolen skal undervisninga byggje opp systematiske leseførebuande evner og omgrep. Desse evnene og omgrepa skal ein stadig byggje på og utvide til nye område. Etter kvart som andrespråket til elevane utviklar seg til ein viktig reiskap, må elevane og meistre kontrastane mellom språka. Det vil lette overføringa av nye idear og omgrep frå det eine språket til det andre. Sidan elevar med framandspråkleg bakgrunn her i Noreg vil vere i eit minoritetsmiljø når det gjeld morsmålet, må læraren leggje vekt på å undervise i historia om morsmålet. Det må understrekast kva fundamental verdi morsmålet har som berar av kulturarven til elevane. Dei ulike språka som denne læreplanen femner om, kan ha svært ulik morfologisk, syntaktisk og skriftleg oppbygging. Undervisninga i eit språk må derfor alltid verte tilpassa det som særpregar språket. KULTURORIENTERING Morsmålet til elevane har nær tilknyting til den kulturelle bakgrunnen deira. Kulturorientering bør derfor gå inn som ein viktig del av morsmålsopplæringa. Ei gradvis fordjuping i dette emnet bør byggje på familiebakgrunnen til elevane og den kulturen språket representerer. Undervisninga skal vekkje interesse hjå elevane for den kulturelle bakgrunnen deira. Munnleg og skriftleg bruk av språket bør derfor relaterast til det kulturelle aspektet i ulik litteratur på morsmålet. Sidan elevane bur i Noreg, bør kulturorientering på morsmålet vere med på å gje elevane ei positiv oppfatning av seg sjølv som likeverdige medlemmer av det norske samfunnet med eit anna morsmål og ein annan kulturbakgrunn. 1.-6. klasse Den kulturelle bakgrunnen til foreldra: Innføring i historia og geografien til heimlandet, heimstaden til foreldra, slektningar i heimlandet. Klesmåte i heimlandet. Bøker og tidsskrift frå heimlandet. Røynsler frå heimlandet, sambandslinjer mellom Noreg og heimlandet. Migrasjon: Å flytte frå og flytte til, flytting innanfor og utanfor landegrensene, å ha slektningar og grannar i to land, sambandslinjer mellom Noreg og heimlandet. Å vere tospråkleg: Å formidle tankar, meiningar og kjensler på to språk, å lese bøker på to språk, å ha venner på to språk, å tolke på to språk. 7.-9. klasse Den kulturelle bakgrunnen til foreldra: Historia og geografien til heimlandet. Samanheng mellom noregshistoria og heimlandshistoria. Levemåte, tradisjonar
Skann 169 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 167». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/169/