SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 14 skann 16

14 Omsorg og ansvar Skolen skal gje barn og unge høve til personleg vekst og utvikling. For å greie denne oppgåva må skolen byggje på respekt og forståing for evner og føresetnader hjå kvar einskild elev. Etter kvart som dei modnast og utviklar seg, må elevane takast aktivt med i arbeidet for å forme ut skolemiljøet. Det er eit mål for arbeidet i skolen at elevane skal lære å ta ansvar for seg sjølv, forholdet sitt til andre menneske og det miljøet dei ferdast i. Arbeidet i skolen må organiserast med det for auga. Elevane må gradvis venjast til å ta ansvar, og oppgåvene må tilpassast alder og utviklingsnivå. Ut frå dei etiske verdiane skolen er forplikta på, er det ei viktig oppgåve å vise ansvar for medmenneske. Det gjeld i forhold til familie og venner, og i forhold til andre i samfunnet vårt og i verda elles. Elevane må oppmodast om å ta på seg omsorgsarbeid som på ein konkret måte kan lære dei kva slike ideal inneber. Her kan ansvarsoppgåver overfor medelevar eller personar i nærmiljøet gje verdifulle røynsler. Men det er og viktig at elevane lærer å ta imot omsorg og å vise takksemd. Barn treng tryggleik, kontakt og samvære med andre barn, og med vaksne som kan vere førebilete for dei og støtte dei i arbeid, læring og leik. Skolen har ansvar for å leggje til rette meiningsfylte arbeids- og læringssituasjonar for elevane. Det gjeld ikkje berre val av lærestoff og måten elevane vert grupperte på, men og dei arbeids- og vurderingsformene som vert brukte. Skolen si omsorg for elevane gjeld og det sosiale miljøet i skolesamfunnet. Får dei oppleve meiningsfylt arbeid og sosial tilhøyrsel, gjev det ein tryggleik som og fremjar læring og trivsel. Derfor er det ingen motsetnad mellom det omsorgsansvaret skolen har, og undervisningsoppgåvene. Eit trygt læringsmiljø er ein føresetnad for eit godt læringsresultat. Somme elevar har så stort behov for omsorg og individuell støtte at skolen ikkje kan makte oppgåvene åleine. I slike tilfelle må skolen ta kontakt med andre som kan gje nødvendig hjelp. Omsorga for elevane er og ei oppgåve som heim og skole står saman om. Det er viktig at dette arbeidet vert støtta av andre i samfunnet. Andre offentlege instansar, organisasjonar og lag, kyrkjer og kyrkjelydar, arbeidsliv og personar i nærmiljøet kan vere verdifulle samarbeidspartnerar for skolen. Eit samlande engasjement må til for å gje barn og unge i samfunnet i dag best moglege oppvekstvilkår. Derfor er det nødvendig at alle i lokalsamfunnet tek eit medansvar for oppvekstmiljøet. God allmennkunnskap Ei hovudoppgåve for skolen er å gje elevane dei grunnleggjande kunnskapane og dugleiken dei treng for den personlege utviklinga si og for å kunne velje utdanning og yrke og seinare passe yrkes- og ansvarsfunksjonar i samfunnet. Røynsler, kunnskap og innsikt som dei får i skolen, skal gjere dei skikka til å forstå og finne seg til rette i dagens samfunns- og kulturliv, og førebu dei til å ta på seg oppgåver i morgondagens samfunn og forvalte verdifull arv frå fortida. Allmennkunnskapen omfattar den grunnleggjande innføringa i heile det livs- og kulturmønsteret som skolen sjølv er ein del av.
Skann 16 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 14». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/16/