SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 165 skann 167

165 Hovudemne og delemne GRUNNLEGGJANDE LESE- OG SKRIVEOPPLÆRING Lese- og skriveopplæring er ein prosess som er i gang gjennom heile skolealderen og lenger enn det. For at denne prosessen skal få best moglege vilkår for elevar med eit anna morsmål enn norsk, er det viktig at den grunnleggjande lese- og skriveopplæringa skjer fyrst på morsmålet til elevane og byggjer på det språket og den røynslebakgrunnen eleven har med seg til skolen. På den måten får elevane godt grunnlag både for å vidareutvikle morsmålet og for å få tilsvarande dugleik på norsk. Den grunnleggjande lese- og skriveopplæringa skal motivere elevane til å snakke, lese og skrive med glede, og til å bruke morsmålet aktivt og medvite. Framandspråklege elevar som er analfabetar (elevar over ti år utan lese- og skrivedugleik) må og få den grunnleggjande lese- og skriveopplæringa på morsmålet. Framgangsmåten og metodikken vil i stor grad vere avhengig av eigenarten til kvart einskilt språk. Byrjaropplæring Lese- og skriveførebuing: Samtale, sansetrening, songar, rim og regler, dramatisering og songleikar. Arbeid med bokstavbrikker, bilete og anna materiell. Omgrepstrening, konkret materiell. Motorisk trening og retningsøving. Innføring i lesing: Fri forteljing. Arbeid med bilete. Presentasjon av enkle skriftteikn, ord og setningar, attkjenning av skriftteikn, ord, setningar. Høgt- og stillelesing kvar for seg og i grupper, rollelesing, improvisasjon og dramatisering, lesing av korte tekstar, rim og regler. Innføring i skriving: Skrive skriftteikn, ord og setningar, som avskrift, diktat, fri framstelling. Øving i å skrive rett dei orda elevane har bruk for. MUNNLEG BRUK AV SPRÅKET Undervisninga skal skape eit læringsmiljø som gjev elevane gode sjansar til å utvikle evna til å uttrykkje kva dei tenkjer, føler, meiner, vil og ønskjer. Elevane må samtale om emne av ulike slag. Undervisninga skal oppmuntre elevane til å fortelje om eigne opplevingar og røynsler og til å leggje fram sine eigne meiningar om ulike spørsmål. Undervisninga må stimulere elevane til å utvide ordtilfanget gjennom å lytte og forstå og gjennom å vere aktivt med i samtale. Munnleg bruk av språket elevane imellom styrkjer samhaldet i gruppa og lettar læring i fellesskap. Munnleg trening skal byggje opp og vidareutvikle den generelle dugleiken elevane har i morsmålet, og leggje grunnlag for den vidare lese- og skriveopplæringa. Undervisninga på høgare klassesteg skal vidareutvikle og nyansere den munnlege bruken av morsmålet. 1.-3. klasse Lytte og forstå: Eventyr, forteljingar, forklaringar, songar, rim og regler. Fortelje: Om daglege opplevingar, det dei har sett og høyrt, og andre røynsler. Skildre bilete, kunst, ting og situasjonar. Samtale: Om daglege opplevingar, om eventyr, forteljingar, songar, bilete og andre ting. Spørsmål og svar.
Skann 167 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 165». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/167/