SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 164 skann 166

164 å gje elevane den språklege dugleiken dei treng i ulike situasjonar, og å hjelpe dei til å bruke morsmålet munnleg og skriftleg med glede å gje elevane eit godt grunnlag i fyrstespråket slik at dei kan verte funksjonelt tospråklege med norsk som andrespråk å motivere elevane til å ta vare på og styrkje leselysta si og til å søkje identifikasjon med, oppleving av og innsikt i dei kulturelle familierøtene gjennom litteraturen på morsmålet å gje elevane kunnskapar om heimlandet til familien og om minoritetskulturen her i landet å gje elevane kunnskapar om oppbygginga av språket Lærestoff og progresjon Undervisninga den fyrste tida på skolen må leggje mest vekt på å utvikle morsmålet, fordi tidleg utvikling av fyrstespråket til barnet vil vere det grunnlaget som heile språk- og omgrepsutviklinga må byggje vidare på. Undervisninga i fyrstespråket (morsmålet) og andrespråket (norsk) kan såleis ikkje lausrivast frå kvarandre. Det er utviklinga av fyrstespråket som gjev vilkåra for utviklinga av andre språk barnet skal eller må lære seg. På den måten er morsmålet og grunnlaget for andrespråkundervisninga. Morsmålsundervisninga må verte integrert i det ordinære undervisningstilbodet. Sidan både andrespråkundervisninga og fagundervisninga krev eit språkog omgrepsgrunnlag på morsmålet, må undervisninga organiserast slik at det vert enkelt for lærarane å samarbeide. Elevane må få hjelp til å bruke morsmålet i dagleglivet i dei situasjonane dei treng det, og få den dugleiken dei treng for å skaffe seg kunnskapar. Litteraturen skal mellom anna gje elevane identifikasjonssjansar og større forståing for deira eigen sosiale og kulturelle situasjon. Likeins skal han gje dei kunstnarleg oppleving. Fagplanen femner og om hovudemne og delemne som er knytte til den kulturelle bakgrunnen familien har, og til det behovet eleven har for dugleik og identifikasjon innanfor to ulike kulturelle rammer. Læremiddel Utvalet av læremiddel bør femne om variert øvingsmateriell for den grunnleggjande lese- og skriveopplæringa og biletbøker, eventyrbøker, referansebøker og anna undervisningsmateriell for ulike alderssteg. Læremidla bør ta utgangspunkt i røyndommen og opplevingsramma til elevane. Innhaldet i lærebøkene bør spegle den aktuelle minoritetskulturen innanfor det norske samfunnet. Gjennom innhaldet i læremidla bør barna få sjanse til å få eit positivt bilete av seg sjølv som del av det norske samfunnet. Læremiddel av denne typen vil vere eit godt grunnlag for auka interesse for opplæringa og for funksjonell utvikling av morsmålet. Det bør og vere tilgang til høvelege læremiddel frå heimlandet. Slike læremiddel vil vere med på å stimulere utviklinga av språket, kunnskapane og kulturmedvitet til elevane.
Skann 166 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 164». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/166/