SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 163 skann 165

163 Fagplanen i morsmål gjeld for morsmålsundervisning av språklege minoritetar i grunnskolen. Sidan språklege minoritetar representerer mange ulike morsmål, må denne generelle fagplanen tilpassast til kvart språk. I det arbeidet må oppbygginga og særpreget til kvart språk stå sentralt. Fagplanen i morsmål tek utgangspunkt i at det er nødvendig med ei godt tilrettelagd undervisning i morsmål for alle elevar, og han er nært knytt til målsetjinga om funksjonell tospråklegheit. Barn som veks opp i ein tospråkleg livssituasjon, har bruk for å utvikle dei to hovudspråka sine gjennom skolegangen og bruke dei gjennom livet. Alle barn bør få den fyrste lese- og skriveopplæringa si på det språket dei meistrar best. For dei fleste barna i innvandrarfamiliar vil det språket dei meistrar ved skolestart, vere eit anna språk enn norsk. Undervisninga må derfor stimulere dei til å vidareutvikle dei ressursane dei kjem til skolen med, både når det gjeld omgrep, språk og personlege ressursar. Morsmålet spelar ei sentral rolle i utviklinga til barnet. Det er eit middel til kontakt med andre og til å skaffe seg kunnskapar og innsikt. Eit godt utvikla morsmål er ein viktig føresetnad for ei allsidig og harmonisk utvikling. Faget skal gje barn som høyrer til språklege minoritetar, høve til å lære, ta vare på og utvikle sitt eige språk og bruke det som reiskap for å få nye kunnskapar. Det er nødvendig å meistre morsmålet for å kunne halde oppe og styrkje kontakten med foreldra og deira kulturbakgrunn, og det styrkjer kontakten innover i den språklege minoritetsgruppa. Utviklinga av morsmålet dannar og grunnlaget for utviklinga av norsk som andrespråk, og dermed for funksjonell tospråklegheit. Det er ein føresetnad for aktiv deltaking både i majoritetssamfunnet og i minoritetsgruppa. Mål Morsmålsundervisninga skal ta sikte på - å utvikle elevane si evne til å lytte, forstå, snakke, lese og skrive, slik at dei kan forstå andre og uttrykkje det dei sjølv tenkjer, føler, vil og ønskjer K A'X MORSMÅL FOR SPRÅKLEGE ZZ MINORITETAR
Skann 165 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 163». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/165/