SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 162 skann 164

162 (2.-)3.-6. klasse Sentrale omgrep i språklæra: Dei viktigaste sentrale omgrepa i språklæra vert innførte samtidig med at dei kjem fram i morsmålsfaget. Språksituasjonar: Arbeidet med kommunikasjon utfyller arbeidet med same emnet i morsmålsopplæringa. Etter kvart tek ein opp sentrale skilnader mellom dialektar, og korleis språk vert brukt i ulike situasjonar som elevane møter i kvardagen. Arbeid med tekstar: Språkbruk som middel til å få heilskap, samanheng og uttrykkskraft i ein tekst. 7.-9. klasse Sentrale omgrep i språklæra: Omgrepsapparatet i språklæra vert utvida med noka vekt på språkteori. Språksituasjonar: Som (2.-)3.-6. klasse, og dessutan: medviten utveljing, tolking og formidling av bodskapar i ulike situasjonar. Kritisk analyse av språkbruk som påverknadsfaktor i massekommunikasjon. Arbeid med tekstar: Arbeid med ulike språklege verkemiddel ved skriving av tekstar. Språkutvikling og språkhistorie: Hovudskilje i norsk talemål. LITTERATUR Samiske elevar bør møte eit tverrsnitt av eldre og nyare norsk litteratur i ulike sjangrar. I utvalet av litteratur må det vere med tekstar som er valde med tanke på jamstelling mellom ulike grupper i samfunnet. Elevane arbeider både skriftleg og munnleg med ulike tekstar, og produserer tekstar sjølv. Arbeidet er med på å gje elevane betre innsyn i norsk kulturliv og samfunnsliv. (2.-J3. klasse Lese, lytte, framføre: Rim, regler, songar, eventyr 4.-6. klasse Lese, lytte, framføre: Høgtlesing og stillelesing, framføre, dramatisere, forstå bodskapen. Tekstutval: Korte tekstar, dikt, forteljingar, eventyr. Tilpasse utvalet til ordtilfanget, dugleiken og interessene, alderen og bakgrunnen elevane har. Lage tekstar sjølv: Enkle tekstar i ulike sjangrar. 7.-9. klasse Lese, lytte, framføre: Som 4.-6. klasse. Tekstutval: Tekstar i ulike litterære sjangrar: noveller, forteljingar, dikt, skodespel, barneromanar frå ulike miljø og epokar. Tverrfaglege kriterium. Lage tekstar sjølv: Øve seg i ulike litterære sjangrar. Litteraturhistorie: Litteratur sedd i den historiske samanhengen sin. Dei viktigaste norske forfattarane i ulike epokar.
Skann 164 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 162». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/164/