SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 161 skann 163

161 6. Mønsterplan. Nynorsk SKRIFTLEG BRUK AV SPRÅKET Undervisninga i norsk skriftleg byggjer på den munnlege opplæringa og vert gjeven parallelt med at eleven vidareutviklar det munnlege språket. Gjennom tida i grunnskolen skal elevane utvikle skriftleg framstellingsevne i andrespråket sitt til eit funksjonelt bruksnivå. Dei skal lære å uttrykkje seg forståeleg for praktiske formål i dagleglivet med stigande krav til presisjon. Den fyrste tida legg ein vekt på naturleg, forståeleg, spontan bruk av språket meir enn ortografi og grammatikk, for ikkje å øydeleggje den naturlege skrive - gleda til elevane. Skriftleg bruk av språket er ein naturleg del av undervisninga, elevane arbeider med det same stoffet både munnleg og skriftleg. Dei bør få godt grunnlag for å utvikle ei meir nyansert skriftleg uttrykksform. (2.-J3. klasse Bundne skriveøvingar: Skriftlege øvingar skal ikkje takast i bruk før eleven har etablert eit godt grunnlag for å uttrykkje seg skriftleg på morsmålet, og har fått eit godt munnleg språk på norsk. Enkle øvingar som å fullføre ei setning, fylle inn ord, lage tekst til bilete, snakkebobler. Rettskriving: Må sjåast i samanheng med uttalen. 4.-6. klasse Bundne skriveøvingar: Ordtilfanget vert utvida. Diktat. Lage spørsmål om til svar og omvendt, gjere positive setningar negative. Skrive brev. Fri skriving: Fullføre forteljingar, skildre bilete, skrive om opplevingar, hendingar. Attforteljing. Rettskriving: Grunnleggjande rettskrivingsreglar. Bruk av ordliste: Bruk av ordliste etter det norske alfabetet. Lydskrift. 7.-9. klasse Bundne skriveøvingar: Etter kvart meir vekt på dei viktigaste grammatiske momenta. Korrekt språkbruk i formelle samanhengar: skrive brev, fylle ut blankettar, skrive søknader. Fri skriving: Skrive notat, referat, kommentarar, faktaskildringar, skriving i ulike sjangrar. Rettskriving: Meir systematisk vekt på rettskriving, målretta arbeid med ortografi, bøyingsverk og teiknsetjing. Bruk av ordliste: Som 4. 6. klasse. SPRÅKLÆRE Arbeidet med språklære må gjerast naturleg og meiningsfylt og verte knytt til undervisninga elles. Det gjev elevane betre evne til å forstå og uttrykkje seg. Undervisninga byggjer dels på arbeidet med språklæra i fyrstespråket og på det som særpregar norsk mål. Utgangspunktet kan gjerne vere tekstar elevane har laga sjølv, og andre konkrete språksituasjonar i tale, skrift og bilete. Det er viktig å vise korleis språket er bygt opp, og korleis dei ulike elementa har sine funksjonar i språket. Språklæra skal tene den aktive bruken av språket. Læringa skal skje gjennom praktiske, meiningsfylte oppgåver. Arbeidet gjev elevane sterkare evne og vilje til å bruke den naturlege dialekten sin og til å forstå andre sin dialekt.
Skann 163 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 161». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/163/