SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 160 skann 162

160 Læremiddel Det skal finnast eit variert og aktuelt tilfang av læremiddel som er tilpassa elevar med samisk som fyrstespråk. Hovudemne og delemne MUNNLEG BRUK AV SPRÅKET Aktiv munnleg bruk av språket er ein viktig del av språklæringa. Det er og grunnlag for den skriftlege opplæringa. Arbeidet tek utgangspunkt i røynslene til elevane og stimulerer fantasien og eigenaktiviteten deira. Gjennom undervisninga skal alle elevar verte stimulerte til å bruke munnleg tale i varierte, meiningsfylte samanhengar. Elevane skal øve opp evna til å forstå norsk tale og lese norske tekstar, og evna til sjølv å gje uttrykk for tankar, kjensler og meiningar. (2.-)3. klasse Lytte: Lytte til ulike røyster i ulike konkrete samanhengar (variasjon av lyd, bilete, situasjon og person). Lytte til læraren, medelevar, lydband, video. Forstå: Meining vert kopla til ord, uttrykk, setningar. Konkrete ord, enkle setningar frå dagleglivet. Konkretisere med ting, biletmateriale, rollespel. Vekt på bodskapen. Nye ord og vendingar vert presenterte i kjende samanhengar. Tale: Mest bundne taleøvingar. Imitasjon. Bygd opp systematisk, meiningsfylt, interessevekkjande. Vekt på uttale og intonasjon frå fyrste stund. Tale- og samtaleøvingar frå ulike livsområde i ulike konkrete situasjonar, i byrjinga mest bundne. Spørsmål, svar, dialog, rollespel, songar. Lese: Arbeidet med tekstar og litteratur er avhengig av kva lesedugleik elevane har på fyrstespråket. Elevane øver både på høgtlesing og stillelesing. Vekt på innhaldsforståing. Knyte tekst til bilete. Dialogar med snakkebobler, teikneseriar, korte, enkle tekstar, rim, regler. 4.-6. klasse Lytte: Som (2.-) 3. klasse Forstå: Utviding av ordtilfanget, også abstrakte omgrep. Vekt på bodskapen i tekstar med stigande vanskegrad. Tale: Etter kvart friare taleøvingar. Samtale om eigne røynsler, opplevingar. Fortelje, skildre. Samtale om forteljingar av andre, bilete, tekstar. Dramatisere. Lese: Lesing og analyse av tekstar med stigande vanskegrad. Vekt på innhaldsforståing. Skilt, oppslag, dikt, forteljingar. 7.-9. klasse Lytte: Lytte til ulike dialektar. Forstå: Ordtilfanget vert utvida. Ulik språkbruk i ulike samanhengar. Analyse av tekstar, radio- og tv-program, avdekkje skjult meining som ledd i oppøving av kritisk evne. Tale: Gje uttrykk for tankar, kjensler og meiningar. Samtalar om film, medieprogram. Framføre dikt, halde foredrag, leggje fram meiningar, diskutere. Lese: Lese bruksrettleiingar, avisartiklar, litteratur i ulike sjangrar. Tekstanalyse.
Skann 162 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 160». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/162/