SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 159 skann 161

159 På dette tidspunktet har dei gjennom arbeidet med morsmålet fått grunnleggjande kunnskapar og dugleik som gjev godt utgangspunkt for å lære fleire språk. Arbeidet med fyrste- og andrespråket må ein sjå i samanheng. Norskopplæringa skal samordnast med undervisninga i morsmålet, både med omsyn til generell språkleg dugleik og kunnskapar om språket og med omsyn til å oppfatte, oppleve og verdsetje innhald og språk i skjønnlitteratur, andre tekstar og medium. Dei førekunnskapane elevane har i norsk, er ulike, og elevane har ulike røynsler med å bruke språket. Somme elevar har eit relativt godt grunnlag i norsk, andre har hatt mindre kontakt med det norske språket. Kor mykje elevane kan bruke fyrstespråket sitt, vil og variere. Her kjem vi borti både familielivet, leikesituasjonar og dei formelle og uformelle delane av samfunnslivet. Norsk som andrespråk har ikkje den same funksjonen som framandspråkfaga i skolen. Norsk er eit heimespråk og ein del av fellesmiljøet. I undervisninga må ein ta omsyn til at elevane har ulik bakgrunn og ulike føresetnader. Kvar elev må kunne arbeide ut frå kunnskapane sine i eige tempo og på eige nivå. Formålet med lærestoffet er at det skal vere til praktisk nytte, gje kunnskapar om norsk kultur og samfunnsliv, og fremje personlegdomsutviklinga, for at eleven skal kunne orientere seg i samfunnet. Arbeidsmåtar Det er viktig å ta utgangspunkt i kjende, meiningsfylte emne og situasjonar. Læraren skal leggje til rette for aktiv bruk av språket både i bundne og frie øvingar. Arbeidet bør knytast til konkrete ting og handlingar, bilete og lydmateriale. Gjennom song, leik og rollespel arbeider elevane med språket i ulike samanhengar. Gjennom prosjektarbeid og tverrfagleg arbeid kan elevane mellom anna utvide det faglege ordtilfanget sitt og få kunnskapar gjennom samanliknande språklære. For at elevar med samisk som fyrstespråk skal kunne vere med i undervisning der dei bruker norsk spontant i eigne svar, innlegg og spørsmål, må dei ha ein godt oppøvd dugleik. Det er altså ikkje nok at dei tilsynelatande forstår det meste av det som vert sagt i timane eller som står i lærebøkene. I samfunnet vårt vert det venta at elevane skal vere med på ein aktiv måte. Det er om mogleg endå viktigare for elevar i eit tospråkleg miljø. Det er ønskjeleg at elevane vert øvde opp til å ta initiativ og vise språkleg aktivitet. Derfor skal læraren leggje til rette sosiale situasjonar og arbeidsmåtar som fremjar kommunikasjon mellom menneske i og utanfor skolen. Det er viktig at elevane opplever gleda ved å bruke språket spontant. I frie taleøvingar skal læraren derfor vere varsam med å rette, og heller leggje vekt på å støtte og oppmuntre elevane i rettleiinga si. Mykje generell språkleg dugleik er ikkje plent bunden til eit bestemt språk. Slik har barn som tek til med arbeidet med norsk som andrespråk, alt lært å lytte, å arbeide konsentrert åleine og i grupper og lært å lese og skrive. Også på dei høgare klassestega vil dugleiken som er lært i arbeidet med morsmålet, vere grunnlag for arbeidet med norsk. Det kan til dømes vere dugleik i å forfatte ein tekst, lage eit referat, byggje opp eit foredrag eller leie ein diskusjon.
Skann 161 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 159». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/161/