SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 158 skann 160

158 Norsk som andrespråk er eit fag som gjev elevane kunnskapar og dugleik til å meistre norsk språk i ulike samanhengar. Gjennom arbeidet med faget utviklar elevane praktisk og funksjonell dugleik i norsk. Dei vert i stand til å meistre daglegdagse situasjonar og utfordringar både formelt og uformelt. Samtidig fører arbeidet med faget til at elevane kan gje uttrykk for tankar og meiningar, slik at dei kan gjere seg gjeldande i samfunnet og vere med på å forme ut si eiga framtid. Norskundervisninga tek utgangspunkt i den språkevna som elevane har, og det utviklingssteget dei står på. Norskundervisninga skal på ulike måtar støtte språkutviklinga til elevane. Mål Arbeidet med faget gjev elevane innsyn i bruken av norsk og forståing for bruk av norsk ved at - elevane lærer å forstå og bruke norsk tale og skrift i ulike samanhengar - elevane si munnlege og skriftlege framstellingsevne i norsk vert utvikla slik at dei kan uttrykkje seg sikkert og variert - elevane får kunnskapar om norsk litteratur og norsk samfunnsliv arbeidet med faget hjelper elevane til å bruke sin eigen naturlege fantasi og nyfikne og til å gje uttrykk for tankane og kjenslene sine - det hjelper elevane til å meistre reglar og normer for rett språkbruk Lærestoff og progresjon For elevar som har samisk som fyrstespråk, er eit velutvikla morsmål og ein trygg samisk tilhøyrsel det beste grunnlaget for opplæringa i norsk språk. Dei byrjar i 1. klasse med mormålsopplæringa, og får undervisning i norsk som andrespråk frå 2. eller 3. klasse. ka™ NORSK SOM ANDRESPRÅK LY FOR ELEVAR MED SAMISK SOM FYRSTESPRÅK
Skann 160 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 158». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/160/